I januar 2023 starta eit spennande reiselivsprogram i Ryfylke. Målsettinga i denne første pilotgjennomføringa var å gi deltakarane inspirasjon, kunnskap og spennande måtar å jobbe med omstilling, innovasjon og produktutvikling på. Programmet retta seg mot etablerte reiselivsbedrifter i Ryfylke og deltakarane blei mellom anna utfordra på korleis styrke eiga konkurransekraft, skape minneverdige opplevingar, arbeide med berekraftig og lønnsam vekst, styrka marknads- og produktutvikling og å bli betre på digital marknadskommunikasjon.
Programmet, som gjekk over fem samlingar, samla 21 reiselivsbedrifter frå heile Ryfylke. Gjennom dei ulike samlingane jobba deltakarane med eigen forretningsmodell, digitale marknadsføringskanalar, sal og marknadsføring, produktutvikling, ny teknologi, målgrupper og prising, storytelling, vertskapsrolla og korleis skape gode og berekraftige gjesteopplevingar.
Me har hatt gleda å samarbeida med dyktige føredragshaldarar og inspiratorar. Blant dei er Monica Elin Mohr Gjesdahl frå 2469 Reiselivsutvikling, Omega 365 Design og Torstein Hatlevik frå Haaheim Gard. Dei har delt verdifull kunnskap og ekspertise og også bidrege til at deltakarane har utveksla kunnskap og erfaring seg i mellom. Den siste samlinga, som fann stad på Haaheim Gard, blei ei perfekt avslutning på eit vellukka program.
Reisemål Ryfylke og Næringshagen i Ryfylke har vore ansvarlege for. gjennomføringa, og programmet var støtta av Ryfylkefondet og Innovasjon Norge. Tusen takk til alle, og me veit allereie no at det blir eit nytt program for reiselivsnæringa i Ryfylke i 2024! Følg med for meir informasjon.