Møte mellom tre personar
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit.

Bedriftsutvikling

Er du involvert i styrearbeid, på eigarsida eller i ei leiargruppe hjå di bedrift? Som næringshage har me tilgong på verktøy, nettverk og kompetanse som kan hjelpe deg  å videreutvikle verksemda, auka konkurransekrafta og møte utfordringar på smartare måtar.

Me i Næringshagen i Ryfylke arbeider for å vera ein relevant og nær sparrings- og utviklingspartnar for næringslivet i vår region. Kanskje står de ovanfor ulike problemstillingar i drifta i dag som de er usikre på korleis de skal løyse eller kanskje er de usikre på korleis de kan skape eit konkurransefortrinn for framtida? Me har kunnskap, nettverk og verktøy som skal bidra til å styrkje dykkar drift både på bedrifts- og personnivå.

I dag står næringslivet i møte med fleire og nye komplekse utfordringar som pregar alle bransjar og næringar, anten ein ønskjer å ta dei inn over seg eller ikkje. Desse endringane skapar samstundes store moglegheiter. Korleis møter di verksemd teknologiske nyvinningar? Har de ein plan for korleis de skal møte strengare krav til miljøansvar og berekraftig drift? Anten utfordringane er store eller små arbeidar me for å kople deg og di verksemd opp mot relevante ordningar, program og samarbeidspartnarar som skal bidra til at de står styrkja i møte med problemstillingar for i dag og for framtida. Verksemda di kan også inngå samarbeidsavtale med oss og blir "Målbedrift" i næringshageprogrammet. Som Målbedrift vil du få tilgong på nettverk, kurs, verktøy og ressursar frå Næringshageprogrammet.

Det å stå som eigar, styremedlem eller i ei leiargruppe kan også vera personleg krevjande, og det er gjerne ofte eit einsamt arbeid. I Næringshagen i Ryfylke arbeider me også for å kunne gi deg kunnskap, kompetanse, nettverk og eit fellesskap som leiar og ansvarstakar i næringslivet, som du kan ta med deg tilbake til di verksemd. Dette gjer me mellom anna gjennom ulike kurs, seminar, mentorprogram, kompetanseprogram og nettverksarener.

Etablerte bedrifter i Suldal kommune har tilgong til gratis rådgivingstimar gjennom oppdragsavtalen me har med kommunen.

Ta kontakt for teneste

Prosjekt

Teamet vårt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358
Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861

Verkemiddel

Aktuelt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Andre tenester

Design og utvikling: Omega 365 Design