Logo for berekraftig reisemål ordninga
Foto: Innovasjon Norge Reiseliv

Suldal merka under "Berekraftig Reisemål" ordninga

"Berekraftig Reisemål"-ordninga er ei nasjonal ordning som gir destinasjonsleiinga  strategiske verktøy og konkrete og målbare indikatorar å forholde seg til i utviklinga av reisemålet. Suldal blei merka for første gong i 2020.

"Berekraftig reisemål" er ei nasjonal merkeordning utvikla og drifta av Innovasjon Norge Reiseliv. For å bli merka som eit berekraftig reisemål skal destinasjonsleiinga, med destinasjonsselskap, kommune og næringsliv, gå gjennom eit omfattande løp der ein skal utvikle ein reiselivsstrategi for reisemålet gjennom ein grundig og involverande prosess, i tillegg til at ein blir målt etter rundt 100 indikatorar som går på sosial, miljømessig og økonomisk berekraft der dei 10 prinsippa for berekraftig reiseliv og FN sine berekraftsmål ligg til grunn.

Etter merking må reisemålet sikre ein kontinering betringsprosess med årleg handlingsplan og rapportering. Ved kvar treårige remerking må ein rapportere på dei ulike konkrete og målbare indikatorane i Standarden for å vise til utvikling. Å vera merka som eit berekraftig reisemål betyr difor ikkje at ein er berekraftig, men at ein arbeider aktivt og målretta for å bli eit meir berekraftig reisemål.

Suldal kommune blei merka som eit "Berekraftig reisemål" for første gong i 2020, gjennom eit samarbeid mellom Suldal kommune, Næringshagen i Ryfylke og Suldal Næringsforening. Det er Næringshagen i Ryfylke som er prosjekteigar og prosjektansvarleg for arbeidet.

Les meir om ordninga på Innovasjon Norge sine sider her.

Bedrifter som er med:

No items found.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Teneste

Verkemiddel

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.