Det er Næringshagen i Ryfylke som står for ein stor del av reiselivsoppgåvene i. Suldal. Dette gjer me i tett samarbeid med Suldal kommune og reiselivsbedriftene våre.
Dine arbeidsoppgåver hjå oss
Som lærling hjå Næringshagen i Ryfylke vil du bli ein viktig del av teamet vårt, der du vil få teste deg på ei rekke ulike oppgåver og område som er viktige for å drifte og utvikle reiselivet på ein destinasjon. Nokre av dei oppgåvene som du vil arbeide med:
- Vertskap: Du vil få kunnskap om korleis ein jobbar med å utvikle godt vertskap på destinasjonen, der du vil få erfaring frå turistkontor og andre vertskapsfunksjonar som mellom anna Laksestudio. Du vil også læra om ulike vertskapskurs og program.
- Kommunikasjon og marknadsføring: Du vil få ta del i kommunikasjonsarbeidet under merkevara Visit Suldal, der du vil vera med på å skape innhald til kanalane våre og utvikle kampanjar for dei ulike sesongane.
- Booking og synlegheit: Du vil vera med på drifting og vidareutvikling av bookingsystemet på destinasjonen.
- Nettverksarenaer og møteplassar: Du vil delta og vera med på organiseringa av ulike møteplassar og kurs for reiselivet i Suldal.
- Arrangement og aktivitetar: Du vil vera med i prosjektgruppa for ulike arrangement og aktivitetar som me er med på å arrangere, som mellom anna Ryfylkedagane, haustmarknad, torgdagar og meir.
- Berekraftig reisemålsutvikling: Du vil få praktisk erfaring frå å jobbe med utvikling av ein destinasjon, opp mot det nasjonale rammeverket «Berekraftig reisemål» - det viktigaste verktøyet for berekraftig utvikling av reiselivsnæringa i Noreg i dag!
Kva ser me etter?
Reiselivsarbeidet i Suldal er mangfaldig og variert. Her er nokre av dei eigenskapane som me seretter i ein lærling.
- Du som er sjølvstendig og strukturert slik at du kan fullføre oppgåver åleine, samtidig som du er glad i å arbeide saman med andre i team
- Du som er glad i kontakt med mange ulike menneske gjennom arbeidsdagen, og som vil strekke deg langt for å gi deg god informasjon og ei god oppleving til gjestene våre når dei besøker Suldal. God forståing for norsk og engelsk er viktig her. Andre språkkunnskapar er eit pluss!
- Du som er interessert i arbeid med digitale kanalar, som utvikling av nettsider, sosiale medier og kampanjar. Er du glad i å skrive tekstar og lage innhald er det eit pluss!
- Du som er glad i ein hektisk arbeidskvardag med mange ulike oppgåver, der me heile tida må tileigne oss ny kunnskap.
Interessert?
Dersom dette høyrest spanande ut høyrest me gjerne frå deg! Ta kontakt med vår daglege leiar Laila Steine på laila@nhryfylke.no eller 977 75 757. Frist er 1. mai.
Det er også mogleg å arrangere ein besøksdag for dei som ønskjer å bli meir kjend med Suldal og næringshagen før du søker.
Me samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. Les meir om dei på rytopp.no.