person som skriv på PC
Foto: Unsplash/Glenn Carstens-Peters

9. trinn: Læring i Næring

Læring i Næring-prosjektet gir deg i 9.trinn ved Sand skule kjennskap til verksemder i Suldal og kunnskap om korleis du går gjennom ein søknadsprosess. Gjennom programmet vil du bli meir kjend med korleis du les jobbannonser, korleis du skriv jobbsøknadar, du får vera med på ein intervjuprosess og er du heldig vil du kanskje få tilbod om jobb for ei veke! Målet er at dette skal gjera det enklare for deg å vite kva du vil søke deg vidare på etter ungdomsskulen, i tillegg til at det skal gjera det meir kjend med arbeidslivet.

Trinn 1: Bli med kjend med bedriftene og søknadsskjema

Under første informasjonsdag kjem me til skulen for å presentere prosjektet og dei ulike bedriftene i Suldal som er med, og som ein kan søke til. Etter første informasjonsdag skal du gjennomføra to aktivitetar. Dette er å følgjande:

  • Interesseskjemaet er no STENGT
  • Å øve deg i å skrive ein søknad ved å klikke deg inn på "Testskjema" nedanfor. Innsending her er no STENGT. Ta kontakt med oss på marit@nhryfylke.no for meir informasjon.

Bruk gjerne lenkene nedanfor for å læra meir om korleis du skriv ein god søknad først.

Trinn 2: Bedriftsbesøk, intervju og mogleg praksisplass

Etter andre informasjonsdag vil du bli invitert inn på bedriftsbesøk til dei bedriftene du er interessert i. Dette skjer utanom skuletid. Etter dette kan du søke til dei bedriftene du er interessert i. Stillingsannonsa og skjema som du søker i finner du inne på profilane til bedriftene nedanfor. Her er det viktig å følgje med på når søknadsfristen til dei ulike bedriftene er - den er ulik frå bedrift til bedrift!

Etter søknadsfristen vil verksemdene kalle inn ungdommar til intervju. Med utgangspunkt i dette kan bedriftene tilby nokon av søkarane praksis. Dei som får tilbod om praksisplass vil då få ein eigen arbeidsavtale med bedriften.

Det er viktig å hugse på at ikkje alle vil få praksisplass. Å øve seg på å skrive søknad og å vera til intervju vil likevel gjera at du får kunnskap og erfaring som du kan ta med deg neste gong du vil søke til ei bedrift.

Detaljert program med datoar for Læring i Næring 2023/24 finn du her.

Nyttige lenker

Informasjon om å søke jobb for første gong

Informasjon om korleis du søker om frikort

Informasjon om korleis du skriv ein jobbsøknad

Gode tips til korleis du førebur deg til jobbintervju

Lovar og reglar for unge i arbeid

Informasjon om utdanningsprogramma

Oversikt over bedrifter i Suldal og Sauda

Transport

Rutetider til hurtigbåten

Busstider Sand - Nesflaten

Busstider Sand - Jelsa

Bedrifter som er med:

Søknad til bedriftene

NB! Søknadsskjema for Læring i Næring 23 er nå stengt. Ta kontakt med oss på marit@nhryfylke.no for meir informasjon.
Takk! Søknaden din er registrert.
Hmmm… Noko gjekk gale ved innsending. Prøv gjerne på nytt eller ta kontakt på epost.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861
Portrettbilde
Maren Landsnes
Prosjektkoordinator - turistkontor, tettstad- og aktivitetsutvikling
maren@nhryfylke.no
472 34 541

Teneste

Verkemiddel

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design