Mange personar i messehall
Foto: Næringshagen i Ryfylke

Yrkes- og utdanningsmessa

Yrkes- og utdanningsmessa (YUM) er ein årleg arena der lokale ungdommar i Sauda og Suldal møter næringslivet og utdanningsinstitusjonar i regionen. Målet er at unge i Ryfylke skal få kjennskap til lokale moglegheiter for utdanning og framtidig arbeidsliv, samtidig som næringslivet skal kunne bidra til tidleg rekruttering og synleggjering av eiga verksemd ut mot framtidas arbeidstakarar.

YUM består av ein årleg messedag der lokale verksemder presenterer seg sjølv og dei jobbmoglegheitane dei kan tilby, samt den digitale, heilårige rekrutteringsportalen utdanningiryfylke.no. YUM tek eit aktivt berekraftsansvar der prosjekeigarane er miljøsertifiserte og der ein jobbar saman med utstillarane for å minke miljøavtrykket på messa år for år.

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal, der ein kvart år når ein ut til omlag 800 elevar i 10. trinn og den vidaregåande skulen. Portalen og prosjektet YUM blir drifta av Næringshagen i Ryfylke og Sauda Vekst.

Er du interessert i å profilere di verksemd? Ta kontakt med oss for informasjon om neste messedag og påmeldingsfrist.

Bedrifter som er med:

No items found.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861

Teneste

Verkemiddel

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.