Å sikre at du og di verksemd har konkrete og praktiske verktøy i arbeidet med å minimere dykkar miljø- og klimautslepp i eiga drift og i den større verdikjeda så langt som råd er avgjerande for å kunne møte framtidas behov og lovverk. Miljøleiing handlar her om dei verktøya du har tilgjengeleg for å jobbe heilskapleg, systematisk og langsiktig på dette området. I dag har me ei rekke ulike ordningar som kan konkretisere og systematiske arbeidet i di verksemd, alt etter kva bransje du jobbar innanfor og kva behov du har. Me jobbar tett med fleire av desse ordningane for å gi deg ei oversikt over kva verktøy finst, og for å setje deg i kontakt med relevante samarbeidspartnarar.