Verksemder, med lita eller ingen erfaring frå FOU prosjekt frå tidlegare, som ønskjer å ta dette i bruk i utviklinga av verksemda i samarbeid med ein godkjent forskingsorganisasjon kan vera aktuelle for VRI-ordninga. VRI Rogaland har her fire tilgjengelege verkemiddel: kompetansemekling, støtte til forprosjekt, støtte til nettverksmøte og støtte til "student til låns"-prosjekt. Prosjektet må vera forankra i eitt av dei fire satsingsområda i "Nærings- og innovasjonsstrategi for Rogaland": rein energi og maritim framtid, mat og reiseliv og opplevingar.