Par i eldre kyrkje
Foto: Privat

Bok om Jelsa kyrkje lansert

Gjennom eit samarbeid mellom Tettstadprosjektet Jelsa, Jelsa sokneråd og eigeninnsats frå ildsjeler blei bok om Jelsa kyrkje lansert den 25. november til 50 frammøtte.

Gjennom tettstadsprosjektetet på Jelsa, eit prosjekt som Suldal kommue er prosjekteigar av, er eit av hovudfokusa å visa fram identiteten til Jelsa og å løfta fram dei kulturhistoriske elementa på staden ved å gjera dei meir tilgjengelege. Eit av initiativa knytt til dette var å lansere ei bok om Jelsa kyrkje, som grundigare tek føre seg mellom anna Limoges-krusifikset, den spektakulære stjernehimmelen og info om den fyste kyrkja som sto på plassen. Laurdag 25. nov var det lanseringsfest av denne boka med godt over 50 frammøtte.

Primus motor for boka er Øystein Haga. Jelsa kyrkje har med si historie og interiør fanga interessa til Haga i nær 50 år både som kyrkjegjengar og kyrkjetenar. I løpet av desse åra har han samla og vidareformidla stoff om dette temaet, og det er også det han ønsker å gjera med denne boka. Med denne boka vil mykje, og viktig, informasjon om den største kulturskatten vår vere samla i ein perm – og til framtida. Visste du til dømes at apostlane avbilda i kortaket på Jelsa kyrkje fortel om måten dei leid martyr-døden på, yrket deira og legender dei er knytta til?

Boka er dekka av eigeninnsats og -finansiering, Jelsa sokneråd og Tettstadsprosjektet på Jelsa, i tillegg til å ha motteke støtte frå Ryfylkefondet. Boka vil famover vera å finna i sal mellom anna på på Joker Jelsa og  mimrestova på Sand. Inntekt av sal av boka vil gå direkte til Jelsa kyrkje.  

Kontakt

Portrettbilde
Maren Landsnes
Prosjektkoordinator - turistkontor, tettstad- og aktivitetsutvikling
maren@nhryfylke.no
472 34 541

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design