Møt vår nye kollega!

I januar i år blei laget i næringshagen styrka ved at Vanja Ignjatic blei ein del av laget.

Vanja er oppvaksen på Sand, og ho har studert juss og jobba i Stavanger og Oslo tidlegare. Ho har bakgrunn frå privat næringsliv, der ho jobba innan legal & compliance-feltet. Her hadde ho særleg fokus på etterleving av lovverk og interndokumentasjon, kontraktar, arbeidsrett, endringsprosessar, GDPR, personvern og styreoppfølging. I næringshagen trer ho inn i stillinga som forretningsutviklar, med fokus på målbedriftene i næringshageprogrammet.

- Me lever i ei tid med konstante endringar, noko som også påverkar måten ein driv ei verksemd på. Det er mykje ein skal vera oppdatert på som bedriftsleiar, i tillegg til den daglege drifta. Dette innanfor ei rekke område, som mellom anna digitalisering, lovverk og berekraft. Det er kjekt å sjå at bedriftene her i Ryfylke er opptekne av å vera i forkant av utviklinga, og å kunne få lov til å hjelpe dei på vegen.

I møte med hennar nye arbeidsoppgåver ser Vanja positivt på utviklinga av eit sterkt og variert næringsliv:

- Eg tenkjer det er viktig at me som region samla byggjer enda meir opp under merkevara «Ryfylke». Ryfylke er ein flott plass å bu og arbeide med mange ressursar og stort potensiale, også for framtida. Det er givande og kjekt å dra rundt i regionen for å treffe næringsdrivande, og eg er imponert over alle satsingane som skjer i små og større bedrifter!

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design