To personar som snekrar
Foto: Stavanger aftenblad/Suldal hyttebygg

Suldal hyttebygg feirer 20 år

Det var ingen som hadde særleg trua på hyttemarknaden då Tor Gunnar Eide etablerte Suldal hyttebygg i 2004. Tjue år seinare har selskapet 17 tilsette og leverer hytter til heile sørvestlandet.

Frå møte på hurtigbåtkaien til selskap

Ved årtusenskiftet arbeidde Tor Gunnar Eide i Suldal kommune som byggeleiar. Samtidig var han på utkikk etter moglegheiter for eit jobbskifte, der han vurderte ulike bransjar.

- Eg såg at det var mykje aktivitet i hyttemarknaden, og at ingen Suldalsbedrift tok skikkeleg tak i det. Dette med hytter var liksom ikkje like interessant for bedriftene då, som hadde fokus på hus og større prosjekt, fortel Tor Gunnar.

- Eg såg på fleire moglegheiter, men eg var bevisst på at eg måtte ha eit produkt om eg skulle satsa for meg sjølv. Her fekk eg sansen for å produsera i element, og eg såg mellom anna på det som var forgjengaren til Hedda Hytter.  

Ein dag våren 2003 var Tor Gunnar på veg heim frå møte i Stavanger der han fekk ein telefon frå Astrid Brommeland. Suldal utviklingsselskap (SUS) hadde hatt ei hyttesatsing knytt til lokal verdiskaping frå hytter. Her hadde Ole Johan Tjørhom, som leverte Hedda hytter frå sine produksjonslokale i Sirdal, vore på besøk i Suldal på leit etter lokale samarbeidspartnarar.

- Ole Johan skulle heim med same båten som eg kom til Sand med, og me blei samde om å møtast på kaien. Seinare fekk eg høyre at Ole Johan hadde sagt til Astrid på kaien at om eg ikkje gjekk først av båten så var eg ikkje interessert.

- Eg var andre mann av båten. Først gjekk Lars Christian Benninghoff. Lars Christian var på veg heim frå militæret, og eg hadde kome i prat med han på båten då han var leit etter jobb.

Ikkje lenge etterpå var Tor Gunnar på besøk i fabrikken til Ole Johan i Sirdal. Etter dette gjekk det raskt, og utover hausten fekk dei på plass ein samarbeidsavtale, dei etablerte selskapet Suldal hyttebygg saman, ein søkte om støtte til Innovasjon Norge og ein leigde eit produksjonslokale i Næringsparken på Garaneset. Bror til Tor Gunnar, Nils Terje, starta i selskapet desember det året. Den 1. januar 2004 starta Tor Gunnar og Lars Christian i selskapet.

Hytteboom, heiagjeng og gode fagfolk

- Me var nok litt forsiktige dei første åra, og tok på oss mange ulike oppdrag. Gjennom samarbeidsavtalen med Hedda Hytter leverte me likevel hytter til heile sørvestlandet heilt frå starten.

- Fokuset har alltid vore regionalt, så for oss handla namnet Suldal hyttebygg om fokuset vårt på hytter. «Suldal» sto for kvaliteten me leverte.

- Me hadde også ein god heiagjeng blant fleire grunneigarar i Suldal. Ein kunde ringte meg ein gong i løpet av dei første åra. Han hadde teikningar til hytta si, men han hadde fått beskjed av Sigmund Vårvik at han ikkje fekk bygge utan at ein nytta Suldal hyttebygg. Slik var det hjå fleire grunneigarar.

Suldal hyttebygg traff godt med oppstarten, og dei påfølgjande åra blei det ein «bygge-boom» i hyttemarknaden. Dei første åra utvida dei produksjonslokala sine i næringsparken fleire gonger, før dei måtte sjå etter noko større. Då trevareprodusenten West-Lamell (forgjengaren til Vestlamell), som haldt til bak næringsparken på Garaneset, gjekk konkurs i 2009 gjekk Suldal Hyttebygg inn og vann bodrunda. Sidan den gong har Suldal hyttebygg og Vestlamell hatt kontor og produksjonslokale i same bygg, der dei deler på felleskostnadar og utstyr. Suldal hyttebygg har også opp gjennom åra inngått samarbeid med andre lokale selskap for utvikling av bustad-og hyttefelt i Suldal.

-Tilgangen på fagfolk har i alle år vore den største flaskehalsen for å veksa og å koma oss vidare. Me har alltid ønska oss gode handtverkarar, då det er grunnlaget for å levere eit godt produkt. Me klarer ikkje alltid å konkurrera på pris, men me kan konkurrera på kvalitet. Difor har me hatt fokus på å ha gode medarbeidarar og god kundehandtering. Det kan me vera best på, fortel Tor Gunnar.

I dag har Suldal hyttebygg totalt 17 tilsette, der 16 av dei arbeider i Suldal og ein på kontoret deira på Raglamyr. Dei er framleis einaste leverandør av Hedda-hytter til sørvestlandet. I tillegg har dei tatt over produksjonen av Hedvig-hytta for heile landet. Dei leverer også på ulike tømrartenester i regionen. Frå skapet på kontoret sitt på Garaneset hentar Tor Gunnar fram forretningsplanen som han utvikla før oppstarten av selskapet i 2003.

- Les ein forretningsplanen så er me der me hadde tenkt. Det har alltid gått rette vegen, også har det gått litt treigare enn det eg hadde håpa på. Eg hadde tenkt me skulle veksa litt større og litt raskare. Det er kanskje litt av den Suldals-anda at eg ikkje har tore å ta for store skritt om gongen.

Å lese marknaden og ta grep for framtida

Inn i jubilumsåret står Suldal hyttebygg ovanfor det som er nesten ei fullstendig tørke i hyttemarknaden.

- Me har gått frå det som var ei stortid for hyttemarknaden under korona til ein fullstendig stopp i bygging av nye hytter. Eg har likevel trua på at hyttemarknaden vil koma tilbake. Det ligg litt i folkesjela at ein skal ha seg hytte. Likevel må me følgje med og tilpassa oss endringar frå myndigheitene og hjå kundane våre.  

- Då er det viktig å ha fleire bein å stå på. I denne perioden er det dei med eigendom i Suldal som er den viktigaste marknaden for oss. Me har fått fleire jobbar på ENØK-tiltak som blei sett i gong av kommunen og me jobbar no med å førebu oss på framtidas storsatsingar i Suldal. Nyleg fekk me tilskot frå Ulla Førrenæringsfond for å vidareutvikla produksjonen vår for hytter mot einebustadar. Me må gjer endringar og tilpassingar, og kan ikkje berre tvihalde på hyttemarknaden.

På spørsmål om korleis han tenkjer at hyttemarknaden blir påverka av den pågåande diskusjonen rundt nedbygging av norsk natur, svarer Tor Gunnar raskt:

- Eg lurer jo litt på om det vil koma hytteskam. Me vel å ha fokus på at det å fare skånsamt fram i terrenget og å tilpasse hytta til tomta har vore eit av dei grunnleggjande prinsippa til Hedda-hytta. Som Miljøfyrtårn-bedrift vil me i tillegg vera med på å ta vårt ansvar for at bygging av nye hytter skal skje mest mogleg skånsamt både for naturen lokalt og miljøet elles. Tiltak som å bygge hytter med alternative og meir skånsame fundamenteringsmetodar,  og å bygge hytter utan å være tilkopla straum og vatn vil til dømes føre til færre og mindre inngrep i naturen. Hedda-hyttene sin grunnfilosofi har alltid vore å ta utgangspunkt i stølane før i tida, og eg tenkjer dette kanskje kan bli ein lest for korleis hytter blir bygd i framtida. Hyttene skal vera enklare, men framleis av høg kvalitet og standard.

- Me står utan tvil i møte med stor usikkerheit, men her om dagen var det ein som sa til meg: «Kva er det me ventar etter? Usikkerheit har det alltid vore!» Det trur eg stemmer. Me blir vant til situasjonen også tore me ta sjansar igjen.

- Det vil alltid vera folk som vil pussa opp huset sitt og som vil ha utbetringar på hytta. Så det vil alltid vera moglegheiter, også det handlar om å prøve å lese marknaden og gjera grep raskt nok, avsluttar Tor Gunnar.

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design