Læring i Næring er eit program som blir leia av Næringshagen i Ryfylke, i tett samarbeid med ungdomsskulen i Suldal og privat næringsliv. Programmet har vore arrangert årleg sidan 2011, då ein såg eit auka behov for å knyte lokal ungdom tettare på næringslivet. For ungdommane betyr dette at dei vil få praktisk erfaring frå å søkje på jobb, vera med på jobbintervju og få erfaringar frå arbeidslivet. For næringa fungerer programmet som ein rekrutteringsarena der ein tidleg kan vise framtidas arbeidskraft lokale arbeidsmoglegheiter. Vidare får bedriftene også kome i kontakt med ungdom som dei seinare kan knyte til seg som ekstrahjelp i helger og feriar, som læringar og som framtidige tilsette. Gjennom dei 12 åra Læring i Næring har blitt arrangert ser ein at programmet ofte er ungdommane sitt første møte med ein formell arbeidsplass, og næringslivet får knytt til seg ungdom tidleg. Dette har resultert i arbeidskraft for Suldal gjennom fleire år.
Totalt var det 22 bedrifter i privatnæringsliv og 7 avdelingar i Suldal kommune som deltok i prosjektet i 2023. Næringslivet tilbydde totalt opp mot 80 praksisplassar i Læring i Næring. Prosjektet starta, som alltid, med eit informasjonsmøte på Sand skule og i 9 trinn, der lokalt næringsliv presenterte seg sjølv og arbeidsplassen sin og ungdommen fekk melde si interesse for kva bedrifter dei ville på besøk til. Deretter blir Næringshagen i Ryfylke invitert til ein undervisningstime i norsk der ungdommane får øve seg på å skrive test-søknadar og starte å søke til bedriftene. I 2023 fornya Læring i Næringsprosjektet seg med ein digital søknadsportal for å kunne førebu ungdommen på dei nyare søknadsportalane som dei vil stå ovanfor i framtida. Til saman produserte dei 58 ungdommane 117 søknadar til bedriftene. Med utgangspunkt i dette blei fleire av elevane valt ut til å stille til jobbintervju. Fleire av desse har allereie utført 35 timar arbeidspraksis i haustferien og ungdommane som får tilbod om jobb og har takka ja skal utføre prosjektet innan juni 2024.
Tusen takk til alle bedriftene og ungdommane som deltok på årets program!