To personar framføre ein foss
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit

Reiseliv & vertskap

Er du ei reiselivsbedrift eller kanskje du er involvert i reisemålsutviklinga på din stad på andre måtar? Næringshagen i Ryfylke har fleire oppgåver og prosjekt knytt til reiselivsutviklinga i Suldal og gjennom næringshageprogrammet støttar me opp om nye og eksisterande reiselivsbedrifter. Ta gjerne kontakt med oss om det er noko me kan bidra med inn mot ditt arbeid.

Reiselivet i dag står i møte med ei stor omstilling som ein del av det berekraftige skiftet. Den nasjonale reiselivsstrategien som legg føringa for reisemålsutviklinga i Noreg har ein ambisjon om å minke klimautsleppa til næringa med 50 prosent innan 2030, samtundes som ein skal auke verdiskapinga, arbeidsplassane og kundeverien som reiselivet leverer. Vidare legg FN sine berekraftsmål og dei 10 prinsippa for eit berekraftig reiseliv viktige retningslinjer for arbeidet.

Me i Næringshagen i Ryfylke ser at reiselivet er ein viktig pådrivar og tilretteleggar for eit attraktivt og godt bygdeliv, og at næringa også spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. Gjennom "det nye reiselivet" der fokuset er på vinn-vinn løysingar mellom miljø, lokalbefolkning og gjester for i dag og for framtida ser me at reiselivet, når det er utvikla på ein god måte, også bidrar til å verne om naturmangfald og kulturarv, skapar aktive og attraktive grender og vidare skapar bulyst, arbeidsplassar og stolte innbyggjarar.

På oppdrag av Suldal kommune og Suldal Næringsforening har Næringshagen i Ryfylke oppdraget med å drifte ein heilårig turistinformasjon, Laksestudio og merkevara Visit Suldal. Me har også ein ambisjon om å vera å ein aktiv pådrivar i reisemålsutviklinga gjennom tett samarbeid med reiselivsnæringa og dei private aktørane. Suldal blei merka under den nasjonale "Berekraftig Reisemål"-ordninga til Innovasjon Norge for første gong i 2020, der Suldal Vekst er prosjekteigar og prosjektansvarleg.

Vidare arbeider Næringshagen i Ryfylke inn mot ei rekke andre satsingar og prosjekt relevante for reiselivet i regionen, gjennom samarbeid med destinasjonsselskapet Reisemål Ryfylke, nabokommunar og andre samarbeidspartnarar. Her har me utvikla mellom anna vekstprogram, vertskapskurs, nettverksarenaer, produktutvikling, profileringsarbeid og meir.

Ta kontakt for teneste

Prosjekt

Teamet vårt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Verkemiddel

Aktuelt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Andre tenester

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.