Å vera gründer er til tider ein tøff, arbeidskrevjande og ofte einsam jobb, og det er mange val som skal gjerast. Næringshagen i Ryfylke har både verktøy, kompetanse og vilje til å hjelpe deg med å planlegge dei første skritta mot din og kanskje andre sin arbeidsplass.
Me skreddarsyr våre tenester etter dine behov og samtale med deg som gründer. Her kan me bidra med mellom anna ideavklaring, vurdering av potensielle marknadar og målgrupper, kontakt med aktuelle finanseringsordningar, kunnskap om lovkrav rundt bedriftsetablering for din bransje, moglege samarbeidspartnarar og andre problemstillingar du måtte møte på vegen.
I samarbeid med Suldal kommune tilbyr Næringshagen i Ryfylke innbyggjarane her gratis rådgjevingstimar for deg som ønskjer å starte opp ei verksemd eller som går med ein ny ide i eksisterande verksemd. Ta gjerne kontakt med ein av oss for å avtala eit møte, eller send ein førespurnad til post@nhryfylke.no
I Noreg har ein utvikla tenesta "ein veg inn" som skal gjera det enklare for deg som gründer å få den hjelpa du treng så raskt som mogleg. Ved å fylle ut skjema nedanfor og svare på nokre spørsmål om dine planar vil me kunne setje deg i kontakt med riktig person for dine behov. Det tek omlag 1-2 arbeidsdagar frå du fyller ut skjema til du høyrer frå oss.
Fyll ut dette skjemaet (det tek omlag 15 minutt)