Suldal Næringsforening er ein organisasjon for bedrifter, organisasjonar og næringsdrivande i Suldal kommune. Føremålet til Suldal Næringsforening er å utvikle næringslivet og ivareta fellesinteressene til næringslivsaktørar i Suldal. Suldal Næringsforening skal:
- Arbeide for attraktive næringspolitiske rammevilkår
- Arbeide for samferdsel og anna konkurransedyktig infrastruktur
- Synleggjere og aktivt bidra til positiv marknadsføring av kommunen og medlemmer
- Arbeide for målretta kompetanseheving
Suldal Næringsforening har to ressursgrupper som jobbar med bransjespesifikke spørsmål: Reiselivsgruppa og Sandsgruppa. Desse gruppene har eigne styre og retningslinjer dei arbeider etter. Alle medlemmene i ressursgruppene har hovudmedlemsskapet sitt i hovudforeininga.
Føremålet til reiselivsgruppa er å arbeide for å fremja turistnæringa og utvikle turist- og reiseliv i Suldal kommune. Reiselivsgruppa organiserer faste møtepunkt og nettverksarenaer for sine medlem, og er ei viktig stemme inn mot reiselivsutviklinga i Suldal. Det er også medlemma i Reiselivsgruppa som blir synleggjort gjennom Visit Suldal sine kanalar og den toårige turistbrosjyra for Suldal gjennom eit samarbeid med Næringshagen i Ryfylke. Les meir om medlemskap her.
Sandsgruppa har som føremål å fremja handelsnæringa på Sand sine interesser, og å driva felles aktivitetar og reklametiltak for handels- og servicenæringa på Sand. Gruppa er mellom anna pådrivarar for aktivitetar som Ryfylkedagane, jule- og påskeaktivitetar og andre enkeltarrangement i kommunesenteret. Besøk nettsida deira her.