Me gratulerer Sterling White Halibut AS som Årets Suldalsbedrift!
Dagleg leiar, Trond Sandvik og driftsleiar, Magne Thomas Tungland tok i mot prisen under utdelinga på festkvelden i november i år. Bedrifta blei heidra for si satsing på berekraftig vekst, høg kvalitet i produksjonen, kunnskap i verdsklasse og sterk lokal tilknyting.
Sterling Halibut, etablert i 2001, er ein pioner innan oppdrett av kveite. Dei har utvikla ein berekraftig produksjonsmetode som sikrar høg kvalitet og stabil levering av fersk kveite året rundt. Med produksjonsanlegg i Ryfylke, har dei sterk lokal forankring og bidreg til verdiskaping i regionen.
Juryen i Årets Suldalsbedrift 2024 er ordførar, Mads Drange, Helge Naustvik (leiar i Suldal Næringsforening), Øyvind Stueland (kommunalsjef i Suldal kommune) og Laila Steine (juryleiar og dagleg leiar i Næringshagen i Ryfylke AS).
Føremålet med prisen Årets Suldalsbedrift er å stimulera og motivera til utvikling, vekst og nyskaping i næringslivet i Suldal, og gi næringslivet betre status og omdømme. Prisen har følgjande hovudkriteriar:
Bedrifta skal ha stabil verksemd og positiv utvikling
Bedrifta skal ha utmerka seg på eit område
Bedrifta skal ha aktivitet i Suldal.
Her er juryen si grunngjeving:
Vinnaren av Årets Suldalsbedrift 2024 har gjennom si verksemd i mange år sett heile regionen på kartet både nasjonalt og internasjonalt. Med sitt dedikerte arbeid innan oppdrett av ein heilt spesiell delikatesse, har selskapet utvikla seg til å bli ein påliteleg og innovativ aktør i havbruksnæringa, noko som bidreg til sysselsetting og vekst i regionen.
Suldal sitt næringsliv er bygd på sterke, lokale tradisjonar, naturgitte føresetnader og kultur i kombinasjon med evna til nyskaping og berekraftig drift. Årets Suldalsbedrift er eit framifrå døme på ei bedrift som møter alt dette. Selskapet har teke i bruk moderne teknologi og forsking for å sikre god dyrevelferd, miljøansvar og kvalitet i alle ledd av produksjonen. Gjennom sitt arbeid har dei ikkje berre styrka sitt eige selskap, men også vist veg for havbruksnæringa i regionen.
For Suldal betyr Årets Suldalsbedrift mykje som arbeidsgjevar, verdiskapar og ein innovativ og framtidsretta aktør, og med sine arbeidsplassar bidreg dei til å satse på ei framtidig yrkeskarriere i nærmiljøet. Bedrifta er i ferd med å vekse seg enno større og sterkare og gjer stadig store investeringar for å styrke konkurransekraft og bu seg på framtida.
Juryen ønskjer å rette ei stor takk til Årets Suldalsbedrift for den viktige rolla dei spelar i lokalsamfunnet vårt. Deira innsats for berekraftig vekst og utvikling, kvalitetsproduksjon og lokal tilhøyrigheit gjer bedrifta til ein verdig vinnar av Årets Suldalsbedrift.
Statuetten er laga av Astri Vadla Ravnås, Glasskjellaren, og designet er ved Einar Olsen.