Torsdag den 26. desember samla alle deltakarane på årets grûnderakademi for frammandspråklege Suldøler seg for pitchekonkurransen som skulle sette punktum for fleire månadar med arbeid med sine bedriftsidear. Her har dei gått gjennom ni samlingar med Næringshagen i Ryfylke, der dei. mellom anna har gjennomført eige marknadsanalysar, utvikla eigne forretningsidear, gjort økonomiske vurderingar og fått på plass eigne forretningsplanar og budsjett. Totalt var det åtte av dei 12 deltakarane i gründerakademiet som skulle presentere ideane sine for panelet. Juryen bestod av leiar for Introsenteret i Suldal Kaspar Nielsen, dagleg leiar i næringshagen, Laila Steine og kommunalsjef og juryleiar, Øyvind Stueland.
Vinnaren av pitchekonkurransen blei Daria Kravchenko som har utvikla ein ide om å slå seg opp som fotograf i Suldal. Premien var eit gåvekort på 5,000 kr som vil bli sett inn på bedriftskontoen når selskapet er etablert. Alle deltakarane mottok også diplom for fullført program.
Gründerakademiet er eit samarbeid mellom Næringshagen i Ryfylke og Introtenesta i Suldal, og er støtta av Rogaland fylkeskommune.