Mikals Laks, har ei lang fiske og foredlings-historie å sjå tilbake på. Tidlegare generasjonar i familien Viga har alle levd av sjøen og drive med røyking av fisk. Innehavar Mikal O. Viga var sjølv to og eit halvt år fyrste gong han var med på brislingfiske i Jøsenfjorden, og då han, som ung, jobba for familien sitt oppdrettsselskap – Kroken Fisk AS – fekk han løna si i laks.
Sjølve røykeriet starta som ein hobby for Mikal. Fisken vart foredla etter gamle oppskrifter og handverkstradisjonar, slik som den blir den dag i dag. Men då ordrane etter kvart auka til over 1000 kg og laksen blei stoppa på grensa til Sveits innsåg Mikal at hobbyen ikkje lenger berre var hobby. Då tok han steget og satsa seriøst på vidareforedling. Noko me vågar å seia var eit smart steg å ta, seier Mikal.
Mikals Laks AS blei etablert 5. april 2000 og er i dag eit familieeigd røykeri som produserer røykt og grava laks av høg kvalitet til matbevisste kundar. Bedrifta held til på Skiftun i Hjelmeland kommune i moderne produksjonslokale. Dei legg stor vekt på sporbarheit i alle ledd og nyttar seg kun av råvarer med god kvalitet. I produkta har dei også fokus på naturlege råstoff som einer, bøkespon, havsalt og sukker. Dette gir eit sluttprodukt gourmet-kokkar verdig.
Seinast i 2021 vann familiebedrifta to NM-gull og eit NM-sølv for kaldrøyka laks og kaldrøyka ørret. Stolte som me er av denne målbedrifta gir me deg her ei (førebels) liste over alle prisar og utmerkingar dei har motteke for kvaliteten på produkta deira;
Hovudprodukta deira i dag er einerrøykt laks, varmrøykt laks, einerrøykt aure, akevitt marinert laks og cognac-marinert laks. Forutan hovudmarknaden i Noreg eksporterer dei til mange land som mellom anna Tyskland, Sveits, Luxembourg, Frankrike og Østerrike og har også leveransar til Asia.
Ønskjer du å ta eit besøk til røykeriet for å få tak i desse gode og lokale produkta held dei ope på Hjelmeland alle kvardagar frå 08.00-15.30.