Bilde av mann på kontor
Foto: Privat

Møt vår nye kollega: Anton Horobets!

Anton Horobets kom til Noreg frå Ukraina i oktober i fjor. Etter at han gjennomførte praksis i næringshagen i vår er han nå tilsett som trainee.

Nyttar erfaringar frå Ukraina inn i arbeidet

Horobets kom til Suldal for første gong ein kald haustkveld i fjor med mykje regn. Her blei han møtt av Bartak og Mark frå introsenteret, som tok han med seg til KULP for pizza.

- Det var merkeleg og interessant på same tid. Eg hadde mange tankar rundt denne litle staden og kva som ville skje, fortel Horobets.

Horobets blei uteksaminert frå Luhansk National Agrarian University i Ukraina der han studerte økonomi og administrasjon ved fakultetet for økonomi. Etter utdanninga har han jobba som salssjef og prosjektleiar før han gjekk inn i IT-verda. Her jobba han med utviklinga av nettsider, reklamemateriell og dataanalysar.

- Som trainee og prosjektkoordinator i næringshagen har eg fått nytta bakgrunnen min ved å jobba tett på forretningsutviklarane og marknadsføringsarbeidet. Spesielt givande har det vore å bidra til utviklinga av eit grunderakademi for ukrainske flyktningar, fortel Horobets. – Det har gitt meg god innsikt i norsk arbeidsliv, regelverk og gründerskap.

Imponert over aktiviteten i regionen

Horobets fortel at han var imponert over å sjå aktiviteten i næringslivet regionen etter kvart som han blei meir kjend med området.

- Eg har blitt imponert over dei store prosjekta og spanande satsingane som blir sett i gong på ein så liten stad. Det har også vore kjekt å læra meir om reiselivet. Når eg først kom til Suldal i oktober blei eg fortald at det var mange turistar i regionen i sommaren, noko eg ikkje trudde på då. Det har vore lærerikt å sjå kor mange som reiser gjennom regionen vår i sommarsesongen.

For at regionen skal lukkast for framtida meiner Horobets at menneske er den viktigaste faktoren.

- Folk er ein nøkkelressurs for å skape vekst, anten det er gjennom utviding av eksisterande bedrifter eller nye bedrifter. Me treng også folk som nyttar tenestene og produkta som er tilgjengelege.

Som dataanalytikar håpar han at kunnskapen hans kan vere nyttig for små og mellomstore bedrifter når det kjem til ein stadig meir digitalisert forretningskvardag. Han er oppteken av at bedrifter kan utnytte dataressursane sine betre.

- Det er viktig at når ei bedrift brukar store ressursar på digital kommunikasjon og automatiseringsprosessar at dei også har eit bevisst forhold til kva data som er relevante for bedrifta. Å forstå kva ulike dataanalyseverktøy fortel om kundeatferd, trendar og samanhengar, vil gjere bedriftene betre i stand til å ta rette val med tanke på marknadskommunikasjon og også kostnadsreduksjon, seier han.

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.