Logo til programmet
Foto: Næringshagen i Ryfylke

DigitalVekst

I 2024 lanserte me eit heilt nytt vekstprogram der me inviterer målbedrifter som ser behov for å auka den digitale kompetansen sin. Målet er å utarbeida ein strategi for digital omstilling.

Digital omstilling kan beskrivast som ein prosess der bedrifter bruker data og digital teknologi til å endre måten dei utfører oppgåvene sine på, tilbyr betre produkt eller tenester, jobbar meir smidig og effektivt eller skaper heilt nye produkt eller tenester. Digital kompetanse er heilt nødvendig for å lykkast framover i eit meir berekraftig og konkurransedyktig næringsliv.

Programmet går over fem samlingar og er sett saman av faglege foredrag, erfaringsdeling og workshops. Inkludert i programmet er kartlegging som viser kor modne bedriftene er digitalt, samt den digitale kompetansen til bedriftene. Det er meint at kartlegginga skal danne grunnlaget for ein ny digital strategi.

Tema for foredraga er mellom anna synlegheit og marknadsføring på nett, kunstig intelligens (KI), datainnhenting og -analyse, automatisering, datatryggleik og GDPR. Mellom samlingane vil også kvar deltakarbedrift få individuell oppfølging.

Om programmet

DigitalVekst kort fortalt:


• Leiings- og bedriftsutviklingsprogram med mål om å utarbeide digital strategi og vegkart for digitalisering
• Samlingsbasert, med foredrag/kompetanseheving, gode verktøy og workshops
• Individuell rettleiing mellom samlingane
• 5 samlingar / 1 samling i månaden i perioden mars-oktober (lunsj inkludert)
• Maks 12 bedrifter per program
• Målbedrifter som deltek betaler ein eigenandel

Programmet er utarbeidd i samarbeid med mellom anna Digital Norway og Synlighet.

Bedrifter som er med:

No items found.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358

Teneste

Verkemiddel

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.