Det er mange som arbeider med at nye forretningsidear og etablerte bedrifter skal lukkast, og det kan vera komplisert å få oversikt over kven som kan hjelpe deg med dine spørsmål.
For at du skal få hjelp mest mogleg effektivt har Innovasjon Norge, SIVA, Forskningsrådet, m.fl. utvikla "En vei inn". Ved å logge deg inn med ID-porten og svare ut eit enkelt skjema vil du bli kopla med den personen i systemet som best kan hjelpe deg med dine spørsmål.
Lurer du på noko anna – send oss ein e-post på post@nhryfylke.no, eller ta direkte kontakt med ein av rådgjevarane våre.
Me er ein del av det nasjonale næringshageprogrammet til SIVA, som er etablert for å styrkje næringsliv og verdiskaping i distrikta.
På denne måten får me tilgong på miljø og verkemiddel regionalt, nasjonalt og internasjonalt som me nyttar til å styrkje arbeidet til bedrifter og initiativtakarar i vår region.
Les meir om næringshageprogrammet her.