Digital Vekst: Eit år med læring, samarbeid og resultat

Korleis kan lokale bedrifter ruste seg for framtida i møte med det digitale skiftet?

Gjennom Digital Vekst-programmet har verksemder i Ryfylke fått auka sin digitale kompetanse og utforma strategiar som gir konkrete resultat.

Etter eit år med samlingar, workshops og individuell oppfølging, kan Næringshagen iRyfylke slå fast at Digital Vekst-programmet har vore vellykka!

Programmet, som er satt saman for små og mellomstore bedrifter, har ikkje berre tilført deltakarane ny kunnskap, men også konkrete verktøy som kan brukast i deira arbeidskvardag.

– Me har lagt ned mykje arbeid i å forstå behova til bedriftene før me sette saman programmet, fortel forretningsutviklar Vanja Ignjatic. Ei spørjeundersøking i forkant gav oss innsikt i kor bedriftene stod digitalt, og kva dei trengte for å utvikle seg vidare. Dette arbeidet la grunnlaget for eit gjennomtenkt og konkret opplegg.

Kombinasjon av teori og praksis

Programmet bestod av  fem samlingar fordelt på vår og haust, i tillegg hadde me ein inspirerande kickoff med teknologiekspert Hans Petter Nygård Hansen. Gjennom heile programmet har det vore fokus på å kombinere teori og praksis.

– Me  ønskjer at bedriftene skal sitje igjen med noko konkret etter eit slikt program. Difor inkluderte me både foredrag frå fagekspertar og praktiske øvingar, seier prosjektleiaren. Eit av høgdepunkta var eit hacking-scenario i samarbeid med Mediafarm, der deltakarane fekk oppleve korleis ein cybertrussel kan utspela seg. 

Kickoff med teknologiekspert Hans Petter Nygård Hansen

Individuell oppfølging gir størst verdi

Ein av dei største styrkane med Digital Vekst har vore den individuelle oppfølginga mellom samlingane. Her har kvar bedrift fått rettleiing til å utvikle eigne strategiar og konkrete mål.

Alt me har gjort, har hatt ei praktisk tilnærming.

Treffsikkert og relevant

Deltakarane har vore frå ulike bransjar, men mange har hatt liknande utfordringar knytt til digitalisering. Tema som digital marknadsføring, kunstig intelligens (KI/AI), GDPR og cybersikkerheit har treft godt og skapt stor interesse.

–Det er viktig å halde fokus på desse områda kontinuerleg. Samlingane har gitt deltakarane ei bevisstgjering som er heilt nødvendig for å halde tritt med utviklinga.

Møte bedriftene på heimebane

Samlingane har funne stad på ulike stadar i Ryfylke – Sand, Sauda og Hjelmeland – noko som har gjort programmet tilgjengeleg for bedrifter i heile regionen. I tillegg til den faglege nytta, har deltakarane sett stor pris på å møtast fysisk og dele erfaringar i eit fellesskap.

Ei spennande framtid

Med Digital Vekst-programmet har Næringshagen i Ryfylke lagt eit solid grunnlag for vidare arbeid med digitalisering i regionen. Fleire av deltakarane har alt sett i gang konkrete tiltak i sine verksemder, og tilbakemeldingane har vore positive. 

Me gjorde ein evaluering i etterkant av prosjektet og deltakarane seier at de allereie har tatt i bruk planane me laga saman, satt i gang tiltak og dermed gjort framdrift på temaene som vart presentert i programmet. Ein deltakar seier dei no har gode verktøy til å fortsette digitaliseringsprossessen vidare. 

Det er veldig kjekt  når me ser at programmet har slik effekt, avsluttar Vanja. – Me er stolte over det me har fått til saman med bedriftene, og gler oss til å neste års program med nye deltakarbedrifter.

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.