Bilde av familie i eplehage
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Lokalmat + reiseliv

Som eit resultat av eit auka ønskje om lokal mat frå besøkjande og ei større satsing på lokale råvarer i reiselivsbransjen, parallellt med at fleire aktørar i landbruket satsar på foredling, sal av eigne produkt og gardsbesøk ser me viktigheita av å knyte reiselivet og landbruket tettare på kvarandre for å styrkje reisemålet som ein matdestinasjon.

I 2022 gjekk difor Suldal Næringforening v/Reiselivsgruppa, Næringshagen i Ryfylke og ei rekke private aktørar inn for ei årleg felles satsing kalla "Matskattar i Suldal" der målet var å sikre tettare samarbeid og kortare avstand mellom aktørane, fleire felles satsingar og felles promotering og merkevarebygging. Aktivitetar som inngjekk i dette arbeidet var mellom anna ein TV-serie på 12 episodar på TV Haugaland, fem nettverkssamlingar, video- og bildeproduksjon, kampanjar og pressearbeid, etablering av felles landingsside og brosjyre og meir. Forprosjektet fekk støtte av Rogaland fylkeskommune der Næringshagen i Ryfylke var prosjekteigar og prosjektleiar.

I 2023 vidareførte Næringshagen i Ryfylke, i tett samband med Suldal Næringsforening v/Reiselivsgruppa, forprosjektet inn i eit hovudprosjekt som vil gå over tre år. Hovudmålsetninga til prosjektet er som følgjer:

  • Å sikre tettare samarbeid på tvers av reiselivet og landbruket gjennom felles nettverksarenaer, møteplassar, kurs og andre felles satsingar
  • Å arbeide for auka kvalitetssikring, leverandørsikkerheit og historieformidling rundt lokalmatproduktet
  • Å arbeide med produkt- og konseptutvikling for den enkelte aktør og i fellesskap
  • Å utvikle felles opplevingar og pakkar for matturisten i vår region
  • Å styrkje merkevara til matdestinasjonen Suldal og kvar enkelt deltakar lokalt, regionalt og nasjonalt, åleine og kopla opp mot andre relevante satsingar

Les meir om satsinga her.

Bedrifter som er med:

No items found.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948
Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861

Teneste

Verkemiddel

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.