Noreg har i den nasjonale reiselivsstrategien sett seg eit tydeleg mål om korleis ein ønskjer at reisemålsutviklinga i landet skal vera den kommande tida med ei halvering av klimautsleppa som næringa står ansvarleg for, samstundes som ein aukar verdiskapinga, arbeidsplassane og kundeopplevingane. Ein god del av dette arbeidet må skje nasjonalt, men eit stort ansvar ligg likevel til destinasjonane og reisemåla som gjerne ofte sit tettast på prosessar relatert til reisemålutviklinga og den tett relaterte og meir generelle samfunnsutviklinga. Den einaste nasjonale ordninga som i dag gir reisemåla konkrete verktøy i arbeidet for å jobbe mot desse ambisjonane er "Berekraftig reisemål" ordninga drifta av Innovasjon Norge Reiseliv.
Kunnskapen som dei involverte reisemåla sit på per i dag er den beste føresetnaden ein har til å lukkast med å sikre ei god utvikling av norsk reiseliv som bygger på behov og kunnskap nedanfrå og opp. Difor tok Næringshagen i Ryfylke initativ til å starte opp eit nasjonalt bedriftsnettverk for reisemåla som er ein del av dette arbeidet, med fokus på korleis ein tek arbeidet frå merking og inn i ei driftsfase. Gjennom tettare arbeid rundt utvikling av verktøy, felles satsingsområde og tettare dialog er målet at reisemåla samla skal kunne spare ressursar og jobbe meir effektivt, samstundes som ein aukar konkurranseevna og innovasjonshøgda lokalt. Per i dag er det i overkant av 40 deltakarar i nettverket.