Norsk Katapult er ei ordning med nasjonale sentrum som tilbyr fasilitetar, utstyr, kompetanse og nettverk.
Katapult-senterar
Katapult-sentera gjer det enklare for innovative bedrifter å utvikla prototypar, testa, simulera og visualisera, slik at idear blir utvikla raskare, betre og med mindre risiko. Katapult-sentera får offentleg støtte for å hjelpa små og mellomstore bedrifter over heile landet.
Næringshagen koplar bedrifta di til det aktuelle katapultsenteret, bidreg til å spissa bestillinga og bidreg med å finna finansiering til katapultprosjektet.Undervegs gir me råd basert på erfaringar frå andre bedrifter som har stått i tilsvarande situasjonar.
Me jobbar med mange ulike bedrifter, og kan peika i rett retning. Slik kan bedrifta di få best mogleg grunnlag for å ta dei beste vala i nye og krevjande situasjonar.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.