Suldal Vekst. Foto: Jan Nordtveit

Etablerar-rettleiing

Etablerar-rettleiing er gjerne første skrittet for å koma i gong med di satsing. Her vil du få moglegheita til å dele dine idear, samtidig som du får råd og tips til vegen vidare.

Å starte opp ei ny verksemd kan vera overveldane og det er mykje å setje seg inn i, frå korleis du etablerer bedrifta og korleis du utviklar ein forrentningsplan til korleis du får testa konseptet ditt og korleis du sikrar at du rettar deg inn mot riktig marknad.

Gjennom vår etablerarrettleiing vil du møte med ein av våre forretningsutviklarar, som har kompetanse og erfaring innanfor ditt fagfelt, som vil lytte til dine idear og planar. I denne samtalen vil målet vårt vera å sikre at du har tenkt over alle sider ved oppstarten av verksemda og ditt konsept, slik at du kan justere og vidareutvikle ideen i ei tidleg fase. Vidare til me gi deg verkemiddel og råd på vegen i forhold til markndsundersøking, testing av ideen, utvikling av forretningsplan, etablering av bedrifta, søknadsordningar og meir.

Gratis rådgjevingstimar i Suldal kommune

I samarbeid med Suldal kommune tilbyr Næringshagen i Ryfylke innbyggjarane her gratis rådgjevingstimar for deg som ønskjer å starte opp ei verksemd eller som går med ein ny ide i eksisterande verksemd. Ta gjerne kontakt med ein av oss for å avtala eit møte, eller send ein førespurnad til post@nhryfylke.no

Ein veg inn

I Noreg har ein utvikla tenesta "ein veg inn" som skal gjera det enklare for deg som gründer å få den hjelpa du treng så raskt som mogleg. Ved å fylle ut skjema nedanfor og svare på nokre spørsmål om dine planar vil me kunne setje deg i kontakt med riktig person for dine behov. Det tek omlag 1-2 arbeidsdagar frå du fyller ut skjema til du høyrer frå oss.

Fyll ut dette skjemaet (det tek omlag 15 minutt)

Teamet vårt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358
Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861

Tenester

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Andre verkemiddel

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.