Norsk Katapult er ei ordning med nasjonale senter over heile landet der verksemder skal kunne teste og utvikle sine idear raskare, betre og til mindre risiko.
Norsk Katapult har i dag i underkant av ti katapultsenter innanfor ulike satsingsområde der målet er at vegen frå konspetstadiet til marknadsintroduksjon skal bli kortare for små- og mellomstore industribedrifter, noko som skal bidra til å auke innovasjonsevna over heile landet. På desse sentera skal du kunne utvikle prototypar, teste, visualisere og simulere ideane til verksemda slik at dei kan utviklast raskare, betre og med mindre risiko. I dag har ein senter innanfor "Manufacturing technology", "Future materials", "Ocean Innovation", "Sustainable technology" og "DigiCat".
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.