Som ny målbedrift i Næringshagen i Ryfylke er ho klar for å utvikle Helenes Naturterapi, og nå ut til endå fleire som ønskjer behandling av ulike helseplager og meir balanse i livet.
Helene har ein lang og allsidig bakgrunn innan medisin og naturmedisin. Ho er utdanna veterinær frå University of Edinburgh, og er i tillegg holistisk terapeut. Ho har i mange år jobba innan både veterinærmedisin og komplementærmedisin. I lag med ektemannen er ho òg mjølkebonde i Fattnes, og har tidlegare drive med forsking på mjølkekyr.
I medisinen vert holisme skildra som ei haldning der diagnose, førebygging og behandling inkluderer ei forståing av heile mennesket i dets naturlege omgjevnader, der både kroppslege, psykologiske og sosiale faktorar er med.
– «Eg trur på ein heilskapleg diagnose og behandling. Alt heng saman i kropp, sinn og omgjevnadene rundt, og det finst mange vegar til helbredelse. Nokre gonger held det med ei nål, andre gonger må ein ty til vestleg medisin – og nokre gonger ein kombinasjon. I behandlingane mine brukar eg all kunnskapen eg har opparbeidd meg, både gjennom studiar, i møte med menneske og i livet elles. Veterinæren i meg ser eit sjukdomsbilete og moglege behandlingar ut frå det, medan den komplementærmedisinske delen ser årsakene til symptoma endå litt djupare – på eit energimessig plan.»
Etter nær 20 år med reising i jobbsamanheng som veterinær og rådgjevar i mellom anna Mattilsynet og TINE, har Helene no landa heime med eigen praksis i Sauda sentrum.
Her tilbyr ho behandlingar basert på si breie erfaring innan pulsdiagnose, akupunktur, coaching/livsmeistring, hypnoterapi, ernæring- og kosthaldsrettleiing og håranalyse. Ho er lidenskapleg oppteken av kontinuerleg læring og held seg oppdatert på ny medisinsk forsking for å kunne gi pasientane sine den best moglege behandlinga.
Helene brenn for å hjelpe menneske til betre helse gjennom skreddarsydde behandlingsopplegg. Målet hennar er at alle skal bli sett, høyrt og forstått – og at kvar enkelt skal finne si eiga veg til betre livskvalitet.
Fleire av kundane hennar melder tilbake om redusert smerte, betra livskvalitet og færre helseplager. Med si solide bakgrunn har Helene bygd opp ein kundekrins som set pris på kunnskapen og den personlege tilnærminga hennar. Ho tilbyr både fysiske timar i flotte og nyoppussa lokalar i Sauda sentrum, og digitale konsultasjonar til kundane sine.
Som målbedrift i Næringshagen i Ryfylke får Helenes Naturterapi tilgang til relevant kompetanse, nettverk og støtte til å utvikle verksemda vidare. Næringshagen hjelper små og mellomstore bedrifter med blant anna forretningsutvikling, strategi og synlegheit, noko som gir Helene moglegheit til å styrke posisjonen sin i marknaden.
– «Eg gler meg til å utvikle bedrifta vidare med støtte frå Næringshagen i Ryfylke. Dei har vore ein god sparringspartnar for meg i oppstarten, og det er inspirerande å få vere del av eit fellesskap som ønskjer å fremje lokal næringsvekst,» seier Helene.
– «Og så er det ekstra kjekt med ein eigen heiagjeng – me er heldige som har eit slikt tilbod i Ryfylke,» legg ho til.
I ei tid der stadig fleire opplever stress, søvnproblem og livsstils-relaterte helseutfordringar, aukar etterspurnaden etter naturlege behandlingsmetodar. Helenes tilnærming handlar om å sjå heile mennesket og finne årsaker til ubalansar – ikkje berre lindre symptom.
Etterspurnaden etter alternative behandlingsmetodar og helsefremjande tenester er aukande, og Helene ser store moglegheiter for å utvide tilbodet sitt framover, også gjennom plattform på internett. Med ei stadig større medvitsgjering rundt mental og fysisk helse, er Helenes Naturterapi godt posisjonert for å nå endå fleire kundar, både lokalt, regionalt og med tida internasjonalt.
Med støtte frå Næringshagen i Ryfylke ser ho no fram til å vidareutvikle verksemda, nå ut til fleire og bidra til eit endå meir levande Sauda sentrum.
No er ho i full gang med å planleggje eit nytt kurstilbod på nett, for vaksne kvinner som ønskjer meir balanse og meistring i kvardagen. Kurset vil være interaktivt og kjem ut i løpet av våren 2025. Det vil innehalde emne/webinar om enkel fysiologi, intoleransar for mat og ting i miljøet, meditasjon, tilbod om å bli med i et fellesskap av likesinna og mykje meir for dei som loggar seg inn på kurssida.
Besøk gjerne Helenes Naturterapi for meir informasjon om hennar tenester.