Foto: Alf Aadnøy

Suldalskonferansen - den første av mange!

Næringsliv, kommune, organisasjonsliv, forsking og kunnskapsmiljø samla seg til den første næringskonferansen for regionen, der moglegheitene og utfordringane som større industri- og kraftetablerer fører med seg var tema.

Tverrfaglig møtepunkt for samfunn- og næringsutvikling

Den 7. november samla næringsliv, kommuneadministrasjon, politikarar, forskarar, kunnskapsmiljø og lokalbefolkning seg til den første næringskonferansen for regionen: Suldalskonferansen! Her tok ein tempen på eit av dei viktigaste temaene for regionen i vår tid: Korleis kan ein bruke kraft- og industrisatsingar til å skape dei samfunna me ønskjer oss for framtida, samstundes som me avgrensar dei negative konsekvensane?

- I ei tid som ber preg av store moglegheiter og utfordringar ser me at det er viktig og verdifullt å ha slike møtepunkt på tvers av ulike miljø for å diskutere, læra av kvarandre og bli utfordra. Berre slik kan me sikre at me finn dei beste løysingane, fortel dagleg leiar i Næringshagen i Ryfylke, Laila Steine.

Over 80 deltakarar frå heile regionen var med frå konferansesalen på Ryfylke Fjordhotell då ordførar i Suldal kommune, Mads Drange, ønskja velkommen og delte korleis Suldal kommune arbeider inn mot store industriaktørar og det grøne skifte, før det var tid for eit lite historisk tilbakeblikk for eit samfunn som ikkje er ukjende med store industrietableringar. Her inntok tidlegare ordførarar i Suldal kommune, Torkel Myklebust og Hallvard Bakka, scena for å dele sine erfaringar og refleksjonar frå tidlegare tider då Suldal og Ryfylke sto ovanfor store industriprosjekt og omstilling til latter og applaus frå salen.

Å læra av fortida og spele på lag med framtida           

Første del av konferansen hadde fokus på å løfte blikket og sjå industri- og kraftetableringane i Ryfylke i eit større regionalt og nasjonalt perspektiv. Her delte Mette Fossan, næringssjef i Rogaland fylkeskommune, Harald Minge, leiar i Næringsforeningen i Stavanger, og Ketil Kaupang, CEO i New Kaupang, sine perspektiv på korleis vår region er posisjonert og bør rigge seg i møte med ei fornybar kraftframtid. Dette skapte ei god ramme for bolken der næringsaktørane sjølv fekk ordet, med Svein Ilstad, regionsdirektør i Statkraft, Bjørn Honningsvåg, administrerande direktør i Lyse, Rune Dolmen, Verksdirektør i Eramet Norway og Tor Helge Hilmarsen, administrerande direktør i Mibau Stema.

- Det er forfriskande å høyre desse tema presentert direkte frå aktørane sjølv. Det gir ein ei større forståing av det store bildet, og kva moglegheiter som ligg i utviklinga som no skjer, fortel Bonolo Ramphomane-Aandal, som representerte kafe og kaffibaren Drøs denne dagen.

 

Siste halvdel av dagen var det tid for å løfte fram ulike kunnskapsmiljø og satsingar som gir innsikt og inspirasjon til korleis ein kan gripe moglegheitene som industri- og kraftetableringar gir, samstundes som ein avgrensar dei negative konsekvensane. Her var Siri Holmboe Høiboe, leiar for arkitektur og byutvikling i DOGA, for å presentere deira dialogverktøy for grøne industrietableringar, Carina Knudsen, klimarådgjevar i SWECO, presenterte bedriftene si verktøykasse for berekraftig utvikling og Atle Harby, seniorforskar i SINTEF, presenterte deira EU prosjekt med fokus på miljødesign i utvikling av kraftanlegg. I siste del av dagen henta ein inspirasjon frå satsingar der ein har tatt utgangspunkt i kraft- og industrietableringar, der Johannes Sandberg, næringssjef i Hamarøy kommune, Bengt Ivansson, tidlegare næringssjef i Skellefteå kommune, Olav Lindseth, dagleg leiar ved Energihotellet og HydroVerset med Liv på Nes og Næringshagen i Ryfylke inntok scena.

Ein konferanse med store ringverknadar

Suldalskonferansen er eit initiativ av Næringshagen i Ryfylke, i tett samarbeid med Suldal kommune og Suldal Næringsforening der sponsorane for årets konferanse var Rogaland Sparebank, Sterling, Mibau Stema Norge og Statkraft. Målsetninga for konferansen er å ha ein arena for næringsliv og samfunnsaktørar å møtast på tvers for å saman ta tempen på utviklingstrekk i regionen som opptek oss alle.

- Suldal og Ryfylke er Noregs største kraftregion, og Suldalskonferansen er ein viktig arena for å vise kva verdiar me skapar i distrikta. Her samlast sentrale aktørar som blant anna Statkraft, Lyse, Norsk Stein og Eramet, saman med resten av det lokal næringslivet, det offentlege, organisasjonar og politikarar for å dela idear, skapa entusiasme og forhåpentlegvis skapa nye samarbeid. Me ønskjer å vise fram Suldal og Ryfylke som ein attraktiv plass å driva næring – både for dei som allereie er her og for dei som vurderer å etablere seg her i framtida. Næringslivet er grunnlaget for framtida til Suldal og Ryfylke – arbeidsplassar er avgjerande for at folk skal trivast, bu og leva her. Då treng me møteplassar som Suldalskonferansen seier moglegheitsutviklaren for Suldal kommune, Anne Marie Lofthus.

Under siste del av konferansen kunne Steine på vegne av prosjektkomiteen avsløre at Suldalskonferansen er komen for å bli, og vil bli arrangert neste gong i mars 2026.

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.