To personar
Foto: Kakadu

Møt dei unge grunderane bak Kakadu

Det å kjenna seg «litt digitalt bakpå» gjeld kanskje ikkje berre dei eldre. Dette kan vera lika gjeldande for ein 30-åring, som for ein 60-åring.

Det er ikkje alt ein treng, eller har ynskje om å meistre av digitale tenester eller teknologiske duppedingsar. Likevel, gründerane i Kakadu meiner at fridommen til å velja vekk sjølv er noko som bør vere sjølvsagt for langt fleire enn det er i dag.

Kven og kva er Kakadu?

Ingvild Erøy Prestårshus og Hege Fiskå sa opp dei faste jobbane sine for å satse på si gründerbedrift, Kakadu. Dei har begge lang erfaring innan digital marknadsføring OG ikkje minst som «IT-support på heimebane» som dei seier. Me er glade for å presentere dei som ny målbedrift i næringshageprogrammet vårt.

Behovet for IT-hjelp er stort og det er ikkje alltid så lett å finne fram i alt innhald som er tilgjengleg i dag – mykje er vanskeleg og komplekst. Ingvild og Hege ville difor senke terskelen for å bruke digitale tenester og digitale verktøy. Gjennom Kakadu si nettside får digital opplæring på folkeleg vis, strippa for «tekno-språk og vanskelege forkortingar, slik at alle kan tilegne seg kunnskap om korleis ein kan løyse digtale utfordringar i kvardagen.

Digital plattform for både familien sin private IT konsulent OG til dei som treng hjelp

Målet til Kakadu er nemleg at alle skal få ta del i den digitale utviklinga, og at alle kan læra seg digitale tester og verktøy. Difor utviklar dei no sine eigne verktøy for å gjere det enklare å skape, dele og distribuere opplæringsmateriell til innbyggjarar som treng å styrke sin digitale kompetanse. Dette skal me gjer på ein framtidsretta måte som vil tette det digitale gapet, seier gründerane.

I tillegg vil Kakadu også kunne vere til hjelp for kommunar, lag og foreiningar som ønskjer å lage innhald som skal styrke digital kompetanse. Med tilgang til same plattform kan også ei verksemd enkelt finne fram til kva andre har laga og brukt, og også dele eige opplæringsmateriell med andre. Det er ein ambisjon om at Kakadu sine nettsider skal fungera som eit skreddarsydd digitalt oppslagsverk for eldre brukarar.

Du kan lesa meir om Kakadu, kva dei tilbyr og meir på kakadu.no.

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.