Brenn du for å skape utvikling i store og små bedrifter? Har du kompetanse innan næringsutvikling, strategi, økonomi og bedriftsrådgjeving? Då kan dette vere jobben for deg!
Næringshagen i Ryfylke AS søkjer ny person til teamet vårt. Som forretningsutviklar hjå oss får du jobbe med spanande innovasjons – og utviklingsarbeid for næringslivet i regionen. Bedriftene våre er alt frå enkeltpersonføretak til større internasjonale bedrifter. For oss er det viktig å vere ein lyttande part for alle desse bedriftene og i samarbeid med dei skape god utvikling.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Rådgjeving, og utviklingsarbeid, både for oppstartsbedrifter og etablerte verksemder
Identifisere og gjennomføre innovasjonsprosjekt saman med bedriftene
Prosjektleiing
Leggje til rette for nettverksbygging og møteplassar
Ta initiativ til prosjekt saman med teamet i næringshagen, samt private og offentlege samarbeidspartnarar
Me ser etter deg som
Har erfaring innan innovasjons- og endringsprosessar, forretningsutvikling og prosjektleiing
Har forretningsteft, er løysingsorientert og kan motivere til utviklingsarbeid
Har relevant høgare utdanning
Er analytisk og likar å skape varige verdiar
Har gode kommunikasjonsevner, og gode digitale ferdigheiter
Er engasjert, initiativrik og sjølvstendig
Er ein lagspelar og god på nettverksbygging og samskaping.
Me tilbyr:
Utfordrande og utviklingsorienterte arbeidsoppgåver
Konkurransedyktige vilkår og fleksible arbeidstidsordningar
Hjå oss vil du inngå i eit sterkt lag og ha ein allsidig rolle i arbeidet, og i stor grad kunne påverke din eigen arbeidskvardag.
Me har hovudkontorpå Sand i Suldal kommune, med avdelingar i Hjelmeland og i Sauda. Noko reisingmå reknast med og søkjar bør difor disponere eigen bil. Søknadsfrist 20. oktober.
For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte dagleg leiar Laila Steine på telefon 97775757 eller epost: laila@nhryfylke.no.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.