To personar
Foto: Maria Klungtveit

Bris i god driv!

Nå er det to år sidan Yvonne Løkke Michalsen tok over drifta i den kreative saudabedrifta Bris Reklame AS.

I vinter var arbeidsmengda så enorm at den var nær ved å ta knekken på den ferske innehavaren. Lettelsen var derfor stor då den reddande engelen fauk inn i den nyoppretta stillinga i juni i år.

-Me dobla rett og slett arbeidstokken, smiler Yvonne stolt mot den tilsette. Tonen mellom dei er lun og spøkefull, slik det gjerne er mellom systre.

Vinteren blei i tøffaste laget og familien såg at det blei for mykje for Yvonne å stå med aleine. Alle blei involvert, ungar, mann og øvrig familie. Mormor blei ein racer på å gravera koppar! Med så stort arbeidspress skjønte Yvonne at ho måtte ta grep før ho brann seg ut før alt var skikkeleg i gong. Då gjekk ho lange turar og grubla på korleis ho skulle løyse det heile.  

Lillesøster Andrea budde på det tidspunktet i Stavanger med god jobb som sosionom og sambuar, og hadde ingen kjente tankar om å returnera til Sauda. Likevel pensa tankane til Yvonne stadig retning by`n. Dei to hadde alltid hatt eit godt forhald og dei sosiale ferdighetene til lillesøstera hadde alltid fasinert henne. Ho ville ha passa perfekt som co-pilot. Ein dag tok ho mot til seg og slo på tråden:

-Er det sant? Kvitra det i andre enden. Andrea hadde alltid hatt lyst til å jobba i Bris, men hadde tenkt at det sikkert ikkje kom til å skje. Det at ingen dagar er like, å få vera kreativ og impulsiv på jobb saman med Yvonne verka så kjekt. Ho takka ja på ståande fot, og etter ei konferering med sambuaren, fann dei fram flytteøskjene.

Nå har dei vore kompanjongar i nært ein halvt år og storkosar seg på jobb saman.

-Det er gjerne slik at eg seier at off nei, dette klarer me ikkje. Men så koplar sosionomen seg på og seier: «Joda, kom an, me prøver». Og jammen. Det går kvar einaste gong! Strålar Yvonne mot Andrea som nikkar ivrig tilbake. Aller best har dei det når kreativiteten frå bløma kring det store bordet på jobben. Og på spørsmål om kva dei kan levera, svarar dei:

– Alt! Det vera seg arbeidsklede, skilt, foliering, bildekor, gåver, ja alt som kan bæra ein logo eigentleg.

Drifta går så det kvin og dagane er travle, kreative og gode i Bris for tida.

Suldal Vekst har vore heilt avgjerande. Det er så trygt og godt å ha nokon som jamnleg tek kontakt og spør korleis det går med oss, og om me treng hjelp til noko. Det gjer me jo alltid! Takk vera Suldal Vekst er eg nå utdanna grafisk designar og Bris hadde aldri vore her me er i dag utan deira hjelp. Heilt fantastisk. Eg blir rørt, eg.

Av: Maria Klungtveit.

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.