DigiFab er eit utviklingsprogram for små og mellomstore bedrifter, med minimum ein eller to maskinar, som ønskjer å digitalisere, automatisere og/eller robotisere deler eller heile produksjonsprosessen.
-Med framveksten av Industri 4.0 kan produksjonsbedrifter no integrere avanserte teknologiar for å automatisere og digitalisere ikkje berre enkeltoppgåver, men også heile verdikjeder. Dette inkluderer maskin-til-maskin-kommunikasjon for optimalisert logistikk og eliminering av manuelle prosessar. Programmet vårt har som mål å guide bedriftene gjennom dette teknologiske landskapet, slik at dei kan utforske tilgjengelege løysingar og utarbeide ein konkret implementeringsplan, forklarer forretningsutviklar og prosjektleiar i Næringshagen i Ryfylke, Alf Aadnøy.
- Det er vesentleg å understreke at hovudmålet ikkje er å redusere talet på tilsette. Tvert imot krev digitalisering og automatisering menneskeleg kompetanse for effektiv maskinhandtering. Fokuset ligg derfor på å heve teknologi forståelsen og kompetansenettverket i bedriftene, slik at dei kan maksimere nytten av deira teknologiske investeringar, forklarer han.
DigiFab-programmet i haust er eit samarbeid mellom Næringshagen i Ryfylke, Rogaland Ressurssenter og Q4 Partner, der sistnemnte har bidratt til å utvikle metodikken. Programmet inkluderer bedrifter som Vestlamell, Suldal Hyttebygg, Suldalstrappa, SI Glass og Northern Punching som deltakarar.
- Frå fjorårets program har me sett at verksemder har nytta metodikken som grunnlag for ny forretningsstrategi, noko som har sett i gong utviklingsprosjekt som dei har fått støtte til gjennom Innovasjon Norge.Me ser fram mot kva årets program kan bidra til, fortel Aadnøy.
Industri 3.0 fokuserer på automatisering og robotisering av produksjonsprosessar, mens Industri 4.0 utvidar dette ved å legge til maskin-til-maskin-kommunikasjon for økt effektivitet og presisjon. Mens europeiske produksjonsbedrifter allereie er i avanserte stadie av overgangen frå Industri 3.0 til Industri 4.0, står Noreg, særskilt i distriktsområda, ovanfor eit etterslep i denne teknologiske utviklinga.
- Moderne teknologi gir ikkje berre moglegheita for automatisering, men også for predikativt vedlikehald. Sensorar kan til dømes overvake vibrasjonar i produksjonsmaskinar og varsle om potensielle feil fleire veker i forvegen, samtidig som deira system kan bestille nødvendige reparasjonar automatisk. Dette legg til rette for målretta vedlikehald, reduserer driftsstans og forlenger maskinens levetid, påpeiker Aadnøy.
- I samanlikning med Europa, der automatisering og robotisering er langt meir utbreidd, opererer norske bedrifter under vesentleg ulike konkurransevilkår, understreker Aadnøy.
Programmet strekker seg over seks månader og inkluderer fire til fem tematiske samlingar. Her blir bedriftene presentert for banebrytande teknologi og framtidige moglegheiter innan industrien. Før programstart utfører kvar bedrift ein modningsanalyse saman med ein forretningsutviklar. Denne analysen kartlegg det digitale modningsnivået innan ulike aspekt av verksemda. Med denne innsikta som fundament, utarbeider bedriftene ein langsiktig strategi for dei komande 5-10 åra. Denne strategien blir deretter delt opp i årlege framdriftsplanar, tilpassa dei spesifikke måla som bedriftene har satt seg.
I tillegg til teknologisk og strategisk innsikt, gir programmet bedriftene tilgang til eit verdifullt nettverk. Dette nettverket inkluderer ulike fagmiljø nasjonalt, så vel som andre produksjonsbedrifter i Karmøy- og Haugalandet-regionen. Denne nettverksbygginga legg til rette for tverr-regional dialog, og gir bedriftene moglegheita til å dele erfaringar, utføre studieturar, og samarbeide om løysingar på felles utfordringar, seier Aadnøy.
- Bedrifter i Suldal, Hjelmeland og Sauda som er interesserte i programmet må gjerne ta kontakt med oss, avsluttar Aadnøy.