bilde av to bønder som held høner
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Smak deg gjennom regionen under «Kortreist»-dagen!

I regi av Gladmat samlar heile regionen seg den 16. september til felles «kortreist» dag, der lokale matprodusentar inviterer til besøk med sal av regionens mat- og drikkevarer!

I Suldal er det fire aktørar som er med påsatsinga: Storstova gard, Hebnes vingard, Suldalshonning og Fattnes Vestre.

Lokale smaksopplevingar i heile kommunen!

I Suldal kan ein på «Kortreist»-dagen dra på gardsbesøk og besøke gardsutsal fleire stader i kommunen! På Storstova Gard på Hebnes er det ope med gardsbesøk, smaksprøvar og lokal kunnskapskonkurranse, også er det sjølvsagt også moglegheit for å kjøpe med seg kjøtt, egg, sagt og gele frå gardsbutikken. Like ved finn me Hebnes vingard, der det er open gardsbutikk, servering av kaffimat og quiz i vinmarka. Fattnes Vestre inviterer også til besøk med omvisning på garden der det er sett opp ein lokalmat-marknad for dagen saman med nabogardane. Suldalshonning i Våge inviterer til omsyning i produksjonslokale der ein får eit innblikk i den spanande produksjonen av honning, og det blir mogleg å få kjøpe med seg sine eigne krukker. For dei som ønskjer å kombinere besøket med ei flott naturoppleving er det også mogleg å ta den historiske vandreruta over Hylsskardet!

- Kortreist-konseptet passar godt med vår lokale satsing på «Matskattar i Suldal» som me i desse dagar startar eit hovudprosjekt på med matentreprenørar frå Suldal. Her får me kopla oss opp mot ei større satsing for heile regionen, der me håpar at lokalmatentusiastar også frå ytre Ryfylke og Stavanger-regionen får augo opp for alt det flotte me har å tilby, fortel Marit Larsen, prosjektleiar for Matskattar i Suldal i Næringshagen i Ryfylke.

Nytt matkonsept for regionen

Kortreist-dagen er ein del av ei ny satsing frå Gladmat, der målsetninga er å få publikum til å vera med på handel, smaksfest og opplevingar i heile fylket frå Egersund i sør til Suldal i nord. Her oppfordrar dei publikum til å ta med familie og vener på å utforske matregionen vår gjennom forslag til reiseruter med stopp hjå lokalprodusentar, utsalsstader og spisestader. I Ryfylke er det Suldal og Hjelmeland som er med på satsinga.

- Målet er at fleire skal oppdaga alle dei lokale produsentane og mataktørane som finnes i fylket- og dra folk opp av sofaen og ut til gardsutsal, kafear og andre skulte perler rundt om i regionen, fortel Maren Skjelde, dagleg leiar i Gladmat.

Konseptet "Kortreist" er eit samarbeid mellom Gladmat og Rogaland fylkeskommune, Statsforvaltaren, Nofima og Det Norske Måltid. For Suldal er satsinga støtta av Suldal kommune, og knytt opp mot samarbeidet Matskattar i Suldal.

Kontakt

Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.