to damer som peikar ved foss
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit

Suldal re-merka som "Berekraftig Reisemål"

I juni i år blei Suldal remerka som eit «Berekraftig Reisemål» under den nasjonale ordninga til Innovasjon Norge, der ein også sette kursen for den vidare utviklinga gjennom ein ny reiselivsstrategi.

Ei verktøykasse for heilskapleg utvikling

Merket for Berekraftig Reisemål er ei nasjonal ordning som skal gi destinasjonar ei heilskapleg og strategisk tilnærming til reisemålsutviklinga. Ordninga viser at reisemålet, over tid, prioriterer mål om auka berekraft, og må vise til betring innanfor dei omlag 80 indikatorane som ordninga leverer kvart tredje år. Å vera merka som eit Berekraftig Reisemål betyr difor ikkje at ein er «berekraftig», men at ein har dedikert seg til ei retning og at ein har konkrete målebarometer å forhalda seg til.  

- Det er enkelt å snakke om berekraft, men gjennom ordninga har me fått konkrete og målbare indikatorar som gjer at me kan ta med oss FN sine berekraftsmål inn i det strategiske og det operasjonelle arbeidet, fortel dagleg leiar, Laila Steine. At Suldal kommune prioriterer dette arbeidet er bra, rett og viktig.  

Suldal blei merka som eit Berekraftig Reisemål for første gong i 2020, og var blant dei første femten i landet. I dag er det omlag 50 destinasjonar som har forplikta seg til ordninga, anten i ei merkingsfase eller i ei driftsfase.  

Erfaringar frå ei ekstraordinær tid

Standarden med dei 80 indikatorane i merkeordninga set føringar for ei breitt samansett destinasjonsleiing og ein fleirårig strategi, i tillegg til bevaring av natur, kultur og miljø, styrking av sosiale verdiar og økonomisk levedyktigheit. I remerkinga skal reisemålet dokumentere alle indikatorane, og ein får også besøk av ein kontrollør som møter aktørar frå det offentlege, privat næringsliv, frivilligheita og lokalsamfunn.  

- Å gå gjennom ei treårig remerking gir oss eit viktig rom for refleksjon, både rundt kva arbeid me har gjennomført sidan sist merking og kva me ønskjer å oppnå for framtida, fortel Steine.

- Dei åra me no har bak oss har vore ekstraordinære for reiselivet med periodar med full nedstenging og reiseforbod. Me er difor stolte over at næringa har kome seg gjennom denne tida utan nedleggingar gjennom stor omstillingsvilje. Samtidig ser me at effektar frå pandemien heng igjen. I tillegg til høgare prisar og mindre kjøpekraft.  

- Det er godt å sjå at fleire reiselivssatsingar, som Matskattar i Suldal, blir trekt fram av fleire aktørar som suksesshistoriar frå den siste perioden. Samstundes ser me at det er behov for auka fokus på heilskapleg destinasjonsutvikling og enno meir samarbeid, seier leiar i Reiselivsgruppa til Suldal Næringsforening, Helge Naustvik.

Fleire fyrtårn for framtida

I arbeidet med å remerka Suldal som eit Berekraftig Reisemål har også destinasjonsleiinga, representert av Suldal kommune, Suldal Næringsforening v/Reiselivsgruppa og Næringshagen i Ryfylke utvikla ein ny reiselivsstrategi for Suldal fram mot 2030 som har fått namnet «Drivkraft 2030».

- I ei tid der det grøne skiftet og det digitale skiftet endrar folk sine kjøpevanar, og gjerne gjer dei meir verdibevisste, ser me at gjestene gjerne ønskjer å reise over mindre område og bli på ein stad over ei lengre periode. Då er det viktig at Suldal utviklar og vidareutviklar attraktive fyrtårn som set oss på det nasjonale og det internasjonale kartet, og vidare at me sikrar at me har eit mangfald av opplevingar for gjestene våre heile året når dei kjem, fortel Steine.

- Dette handlar like mykje om samfunnsutvikling som tettstadutvikling. Reiselivet bidreg til over 200 millionar i årleg verdiskaping for Suldalssamfunnet og representerer 200 arbeidsplassar. Unikt for reiselivet som næring er at aktivitetane her bidreg til sosiale arenaer og tilbod for Suldølen i alle grendene våre.

Kommunalsjef for kultur og samfunn i Suldal kommune, Øyvind Stueland, er glad for at Suldal nok ein gong er anerkjent som ei berekraftig reisemål, og både kan fortelje om og vise gjestene at dei besøkjer ein destinasjon som prioriterer å bli meir berekraftig.  

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.