Start det nye året med ein oppdatert status for næringslivet og norsk økonomi. Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 Sør-Norge deler dei nyaste funna frå Konjunkturbarometeret og gir oss innsikt i kva vi kan vente oss framover.
Korleis ser utsiktene for 2025 ut? Blir det fleire nyansettingar, og vil oppgangen i oljebransjen halde fram? Er bygg- og anleggsnæringa på veg ut av nedturen? Og ikkje minst, når kan vi sjå fram til det første rentekuttet?
Vi dykker også ned i tema som lønnsomheit, investeringsvilje og korleis globale hendingar påverkar framtidsutsiktene.
Praktisk informasjon: Alle målbedrifter i næringshageprogrammet får invitasjon og lenke for deltaking tilsendt på e-post.
Ønskjer du å melde deg på? Send ein e-post til: post@nhryfylke.no.
Bli med og få viktig innsikt i den økonomiske utviklinga som påverkar di verksemd!