Foto: NOFIMA
Foto: NOFIMA

Trygg Mat: Nettverkssamling for lokalmatprodusentar

Dato:
01
.
02
.
2024
Klokka:
17:00

Den 1. februar kl 17:00-20:00 inviterer ein inn til Jøsneset aktivitetshus (tidlegare Jøsneset skule) på Skiftun i Hjelmeland for å få kunnskap og tips og triks om trygg produksjon innanfor "trygg mat" regelverket! Du får også ei moglegheit til å skape nettverk med andre produsentar i regionen. Målet er å få produsert den beste, mest trygge og ekte lokalmaten og -drikke frå Ryfylke og ut til kunden, gjesten og lokalbefolkning!

For kven

Deg som foredlar og vidareutviklar eksisterande og nye lokalproduserte råvarer for kommersielt sal. Det kan vera i butikk, eige utsal og/eller til serveringsmarknaden.

Tema

  • Korleis sikre at produkta dine er trygge å ete – kva må vera på plass?
  • Erfaringar av vidareforedling av lokale råvarer – kva ‘a-ha’-opplevingar har dei møtt på vegen

Nofima kan tilby moglegheiter for hjelp i utviklingsprosessen. Dette kan vera matfaglig mentor, kurs og nettverk.

Det blir god tid til drøs med kvarandre og arrangørar.

Praktisk informasjon

Samlinga blir holdt på Jøsneset aktivitetshus (tidlegare Jøsneset skule) på Skiftun i Hjelmeland.

Servering av lokal mat -og drikke, før me tek eitt gardsbesøk hjå «Buhagen» til Silje og Jostein. Det er 5 minutt gange frå aktivitetshuset. Les meir på buhagen-kultur.no

Deltakaravgift: kr 250 pr. pers som blir betalt ved påmelding. Klikk her for påmelding.

Seminaret er eit samarbeid mellom Næringshagen i Ryfylke, Hjelmeland kommune, Rogaland fylkeskommune, NOFIMA og Lokalmat Sør.

Kompetansenettverket for lokalmat er ein del av "utviklingsprogram for landsbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping", og blir koordinert via fylkeskommunen. Nettverket bidreg til matfagleg rettleiing gjennom mellom anna besøk, kurs og fagsamlingar. Les meir her.

Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861

Teneste

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

Andre kurs og arrangement

Ingen andre kurs og arrangement akkurat no.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.