Bedriftene som deltek lærer nye og spennande måtar å jobbe med omstilling, innovasjon og produktutvikling, der også prinsipp for berekraftig reiseliv er ein del av utviklingsprosessane.
Kva skal til for at nettopp di reiselivsbedrift blir attraktiv for lønnsame gjester? Deltakarane får mange praktiske verktøy for å utvikle heilskaplege, meiningsfylte, lønnsame og bookbare opplevingar i eiga bedrift. Programmet har ei praktisk tilnærming og deltakarane vil arbeide med utvikling av eiga bedrift.
Samling 1: Digital marknadsføring og strategi
24. – 25. januar 2024
Ryfylke Fjordhotell, Sand
Samling 2: Gjesteopplevingar og opplevingsdesign
8. februar 2024, Teams
Samling 3: Målgrupper, prising og produktutvikling
22. – 23. februar 2024
Preikestolen Basecamp
Samling 4: Marknadsplanen
7. Mars 2024, Teams
Samling 5: Studietur Hardanger
4.- 5.april 2024
Samling 6: Digitalisering og ny teknologi
11. april 2024, Teams
Samling 7: Finansiering og virkemidlar
18. april 2024, Teams
Samlingar:
Programmet er fordelt på sju samlingar frå januar-april, med to fysiske samlingar, fire digitale samlingar på Teams og ein studietur til Hardanger.
Fysiske samlingar: lunsj/lunsj.
Digitale samlingar: kl 18-20 (Teams)
Kursavgift dekkjer:
Overnatting og matservering
VekstSpor prosess
Frist for påmelding:
Snarast og innan torsdag 4.1.2024.
Kursavgift:
kr 5.000,– per person.
Påmelding:
Ta gjerne kontakt ved spørsmål eller om du ønskjer meir informasjon!
Programmet er støtta av Ryfylkefondet, Innovasjon Norge, Næringshagen i Ryfylke AS og Reisemål Ryfylke AS.