Teal
Teal

DigitalVekst 2025

Dato:
04
.
03
.
2025
Klokka:
9:00
Stad:

DigitalVekst2025 - er du klar for den digitale omstillinga?

Kompetanseprogrammet DigitalVekst 2025 er eit samarbeid mellom mellom dei fire næringshagane i Rogaland.

Me inviterer her målbedrifter og andre som ser behov for å auka den digitale kompetansen sin. I tillegg til eit digitalt kunnskapsløft, er målet at ein ved gjennomført program skal ha utarbeida ein eigen digitaliseringsstrategi for å rigge seg i møte med det digitale skiftet.

Programmet er skreddarsydd med tanke på aktuelledigitale utfordringar som dagens verksemder står ovanfor, og passar godt forbåde små og mellomstore bedrifter.

Enkelt forklart betyr digitalisering å bruke teknologi til å forbetre, forenkle og fornye måten ein utfører oppgåvene sine på. Digitalisering bidrar til at ein kan jobba meir effektivt, tilby betre tenester og produkt eller skape heilt nye tenester og produkt.

Vekstprogrammet går over 5 samlingar (inkludert eit bedriftsbesøk) og er sett saman av faglege foredrag, erfaringsdeling og workshops. Inkludert i programmet er ei kartlegging av kvar deltakarbedrift som viser kor modne bedriftene er digitalt, samt den digitale kompetansen til bedriftene.

Tema for foredraga er mellom anna synlegheit og marknadsføring på nett, digital strategi og endringsleiing, kunstig Intelligens (KI) og bruk av ulike verktøy her og datatryggleik. Mellom samlingane vil deltakarbedrifta også få individuell oppfølging frå programansvarleg.  

Programmeter utformet i samarbeid med blant anna Veni og Leadify.

DigitalVekst kort fortalt:

• Leiings- og bedriftsutviklingsprogram med mål om å utarbeide digital strategi og vegkart for digitalisering

• Samlingsbasert, med foredrag/kompetanseheving, gode verktøy og workshops

• Kartlegging av deltakarane; kor digitalt klare er me eigentleg?

• Individuell rettleiing mellom samlingane - arbeid med eigne digitale vegkart og digitale strategiar.

• 5 samlingar (inkludertbedriftsbesøk) - Lunsj inkludert

• Bedriftsbesøk til ei leiande bedrift innanfor digitalisering, IT og sikkerheit i regionen, samt moglegheit for nettverksbygging  

• Målbedrifter som deltek betaler ein eigenandel på kr 10 000

Program:

Samling 1) Tysdag 4. mars: Digital synlighet ogmarknadsføring med Leadify

Me får besøk av erfarne rådgjevarar innan digital strategi frå marknadsføringsbyrået Leadify, som skal halde kurs for oss om; Korleis bli synleg på nett – ulike kanalar, innhald og annonsering.

Med den raske framveksten av Kunstig Intelligens (KI)er digital synligheit viktigare for bedrifter enn nokon gong. Kurset gir innføring i korleis ein legg rett strategi for å blir meir synleg i ulike digitale kanalar, byggje nettverk og skape leads/sal. Dei 9 elementære grunnsteinane for god marknadsføringsstrategi vil bli gjennomgått. Ein tek også for seg blant anna riktig bruk av søkemotoroptimalisering (SEO), Google-bedriftsprofilering og annonsering denne dagen.  

Samling 2) Tysdag 8.april: Kunstig intelligens (KI/AI) med Veni

Veni held kurs for oss om kunstig intelligens (KI) og kva for moglegheiter denne teknologien bringar med seg, slik at me kan arbeide på ein meir effektiv og enklare måte på fleire ulike område.

Det blir ein praktisk gjennomgang av konkrete KI-verktøy denne dagen, kor me testar ut ulike KI-verktøy som Copilot (microsoft), ChatGPT og andre relevante tenester innanfor feltet, og kjem med tips for optimal bruk av desse. Kurset er meint å gi deg innsikt i korleis implementere bruk av KI enkelt i eiga verksemd.

Samling 3) Bedriftsbesøk

Samling 4) Tysdag 6.mai: Digital endringsledelse med Veni

Digitalisering skaper både utfordringar og moglegheiter, og krev leiarar som kan drive endring på ein effektiv måte. Erfaren konsulent frå Veni innan verksemdsstyring og omstilling er med oss denne dagen. Kurset i digital endringsledelse gir deg kunnskap du treng for å leie gjennom digital transformasjon, handtere motstand og skape engasjement hos tilsette.

Du vil få innsikt i ulike verktøy for å oppnå varig endring, som gjer at bedrifta di kan lykkast i ei digital tid prega av stadig fleire endringar og mindre forutsigbarheit.

 Samling 5) Tysdag 3. juni: Digital sikkerheit med Veni

Dagen startar med innføring i Cyber-sikkerheit. Me får besøk av Smedvigs sitt IT- og konsulentselskap Veni, som blant anna skal fortelje oss om kva utfordringar me står ovanfor i dag og kva konkrete tiltak me kan gjere for å sikre oss mot nye typar av cyper-kriminalitet.

Samlinga vert avslutta med praktisk gjennomgang av sentrale verktøy som kan bidra til ein meir sikker arbeidskvardag for verksemda di.

 

Pris:

For målbedrift: Eigenandel kr  10 000,-

For andre: kr 20 000,-

Påmelding:

Send epost til post@nhryfylke.no innan torsdag 27. februar.

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss!

 

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

No items found.

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.