ReiselivsForum for campingnæringa: Bli synleg på nett!

Dato:
23
.
03
.
2025
Klokka:
10:49
Stad:

Tysdag 25. mars kl 10-11 inviterer reisemåla i NDBR inn til første samling i vår digitale seminarserie for campingnæringa, der ein kombinerer fagleg innhald med inspirerande innlegg frå campingplassar over heile landet. Tema den 25. mars er "Bli synleg på nett: Enkle skritt til korleis du kan bygge og ta eigarskap til di merkevare på nett!" Set av tida, logg deg på og bli med på ein inspirerande time i saman!

Om seminarserien

Campingturismen er i veks på tvers av heile landet, og utgjorde omlag 20% av alle kommersielle gjestedøgn i Noreg i 2023. Campingturisten overnattar 1/3 netter utanføre campingplassar i bubil eller telt, og nyttar  omlag 1000 kr mindre i gjennomsnitt per døgn enn gjennomsnittsturisten frå utlandet. I denne seminarserien inviterer ein inn campingplassar på tvers av landet for å hente felles inspirasjon, informasjon og praktiske tips og triks til korleis me i saman kan arbeide for å skape best moglege gjesteopplevingar, styrkje lokal verdiskaping per gjest og arbeide for ei heilårig og berekraftig campingnæring.

Program tysdag 25. mars

  • 10:00: Innovasjon Norge v/Margrethe Helgebostad: Kva veit me om campingturisten i Noreg?
  • 10:15: TBC: Kva moglegheiter gir turoperatørar di bedrift inn mot den internasjonale marknaden.
  • 10:30: Skårungen camping v/Tilla Larsen: Mest mogleg synlegheit, mest mogleg effektivt – erfaringar og val knytt til synlegheit og marknadsarbeid
  • 10:45: Visit Lofoten v/Ole-Henrik Rosenvinge: Korleis ta kontroll over omdømme på ditt på nett før andre gjer det – moglegheitene som ligg i Google Business for di bedrift

Påmelding

Seminaret er ope for alle bedrifter som er knytt til reisemål som er medlem i NDBR.

Du melder deg på ved via dette skjemaet.

Har du spørsmål? Ta kontakt med ditt reisemål eller NDBR.

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

No items found.

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.