Mechatronic Innovation Lab
Mechatronic Innovation Lab

Ta del i den Tekniske Revolusjonen med Robotikk, KI og Industriell 3D-printing

Dato:
24
.
04
.
2025
Klokka:
9:23

Er du klar til å skyte fart inn i framtida?


Bli med oss på ein inspirerande fagdag der vi dykkar ned i dei mest banebrytande teknologiane som formar morgondagens næringsliv.
Lær korleis robotikk, kunstig intelligens (KI) og industriell 3D-printing kan revolusjonere di bedrift og gje deg eit solid konkurransefortrinn.


I samarbeid med Mechatronics Innovation Lab (MIL) inviterer Næringshagen i Ryfylke til ein dag fylt med innsikt og innovasjon.
Gjennom engasjerande foredrag og praktiske demonstrasjonar vil du:

Robotikk:
Oppdage korleis moderne programvare og KI gjer robotikk tilgjengeleg for alle, og korleis dette kan gjere di bedrift meir attraktiv for tilsette og samtidig frigjere ressursar.

Kunstig Intelligens:
Utforske verktøy som kan gjere produksjonen din smartare, med konkrete døme på korleis KI kan implementerast i industrielle miljø.

Industriell 3D-printing:
Lære om dei mange moglegheitene innan materialval og applikasjonar, frå prototypar til ferdige produkt, og sjå kvifor 3D-printing er mykje meir enn berre eit leketøy.


I tillegg vil vi presentere støtteapparatet som hjelper deg frå idé til implementering, inkludert innsikt i katapultsentra og European Digital Innovation Hubs (EDIH), som tilbyr ressursar og tilskot for testing, kompetanseheving og digital transformasjon.

Dagen vert avslutta med ein open diskusjon der du kan dele dine utfordringar og få råd frå ekspertar og andre deltakarar.


Forberedelser:
For å få mest mogleg ut av dagen, vil vi ta en dialog og se på relevante problemstillingar på førehand.

For meir informasjon og påmelding, ta kontakt.
Enten direkte til ein av oss, eller til post@nhryfylke.no

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358
Profilbilde
Vanja Ignjatic
Forretningsutviklar
vanja@nhryfylke.no
989 07 220

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.