Tysdag 31. oktober 2023, kl 19:30-20:30
Korleis skapar me eit realistisk bilde av vår destinasjon og tilboda som finst, slik at turistar får riktige forventningar? Korleis kan me sikre oss eit konkurransefortrinn gjennom å kommunisera ærleg og ansvarleg, basert på kvalitet og autentisitet? Me gir deg nokre retningslinjer og diskuterer kva som er god praksis.
Tysdag 7. november 2023, kl 19:30-20:30
Me tek for oss viktigheita av ansvarlig ferdsel og bruk av naturen i reiselivet. Me vil diskutere allemannsretten og -plikta, utforske fiskeregler, læra om forvaltninga av villrein og verneområder. Kva kan vera gode retningslinjer å formidle til våre gjester – og oss sjølv?
Tysdag 21. november k2023, kl 19:30-20:30
Klimaendringar vil påverke reiselivsnæringen, også i Ryfylke. Sesongar blir lengre, eller kortare. Varme, tørke, og økt nedbør vil endre kvar, når og korleis gjester reiser. Den vil også ha påvirkning på kva, når og korleis me kan tilby gjesteopplevingar. I tillegg må me vera førebudd på ekstreme hendingar. Korleis kan me tilpasse oss?
Tysdag 28. november 2023, kl 19:30-20:30
Å sikre riktig og god arbeidskraft i reiselivet er ei utfordring for vår region i dag, og for framtida. Det krevst ein god arbeidsgjevar for å rekruttere, lære opp og halde på dei beste tilsette, slik at kvaliteten på gjesteopplevinga blir best mogleg. Gjennom nokre gode døme diskuterer me korleis alle kan bidra til meir stoltheit og høgare status i reiselivet, gode arbeidsmiljø og høgare lønnsemd.
Alle kurs holdes digitalt på Teams. Deltaking er gratis.
Kursserien er eit samarbeid mellom Lysefjorden Utvikling, Næringshagen i Ryfylke, Sauda Ferie & Fritid og Reisemål Ryfylke, og bygger på den nasjonale standarden til merkeordninga for Berekraftige Reisemål.
For spørsmål kontakt anita@nhryfylke.no eller johannes@lysefjorden365.no.
Påmelding skjer via denne lenka.
Påmeldingsfrist: 30. oktober 2023