Digital Vekst med næringshagen - er du klar for den digitale omstillinga?

Dato:
16
.
04
.
2024
Klokka:
10:00

Korleis står det til med den digitale kompetansen?

Er du klar for den digitale omstillinga?

Me lanserer eit heilt nytt vekstprogram og inviterer målbedrifter som ser behov for å auka den digitale kompetansen sin. I tillegg til eit digitalt kunnskapsløft, er målet at ein ved gjennomført program skal ha utarbeida ein eigen digitaliseringsstrategi for å rigge seg i møte med det digitale skiftet.

Programmet er skreddarsydd med tanke på aktuelle digitale utfordringar som dagens verksemder står ovanfor, og passar godt for både små og mellomstore bedrifter.

Enkelt forklart betyr digitalisering å bruke teknologi til å forbetre, forenkle og fornye måten ein utfører oppgåvene sine på. Digitalisering bidrar til at ein kan jobba meir effektivt, tilby betre tenester og produkt eller skape heilt nye tenester og produkt.

Vekstprogrammet går over 5 samlingar og er sett saman av faglege foredrag, erfaringsdeling og workshops. Inkludert i programmet er ei kartlegging av kvar deltakarbedrift som viser kor modne bedriftene er digitalt, samt den digitale kompetansen til bedriftene.

Tema for foredraga er mellom anna synlegheit og marknadsføring på nett, digital strategi, bruk av kunstig Intelligens (KI), datainnhenting og -analyse, automatisering, datatryggleikog GDPR. Mellom samlingane vil kvar deltakarbedrift også få individuell oppfølging frå programansvarleg.  

Programmet er utarbeidd i samarbeid med mellom anna Digital Norway ogSynlighet.

Digital Vekst kort fortalt:

• Leiings- og bedriftsutviklingsprogram med mål om å utarbeide digital strategi og vegkart for digitalisering

• Samlingsbasert, med foredrag/kompetanseheving, gode verktøy og workshops

• Kartlegging av deltakarane; kor digitalt klare er me eigentleg?

• Individuell rettleiing mellom samlingane - arbeid med eigne digitale vegkart og digitale strategiar.

• 5 samlingar / 3 før sommaren - 2 etter - Lunsj inkl.

• Maks 12 bedrifter i program

• Målbedrifter som deltek betaler ein eigenandel på kr 5000

Program:

Samling 1 - 16. april: Digital Synlighet og marknadsføring med Synlighet.no - Sand

Me får besøk av rådgjevar innan digital strategi frå marknadsføringsbyrået Synlighet, som skal halde kurs for oss om; Korleis bli synleg på nett – kanalar, innhald og annonsering.

Kurset gir innføring i korleis ein legg rett strategi for å blir meir synleg i ulike digitale kanalar, byggje nettverk og skape leads/sal. Ein tek også for seg riktig bruk avsøkemotoroptimalisering (SEO), Google-bedriftsprofilering og annonsering dennedagen.  

Samling 2 - 30 april: Digital strategi og forretningsutvikling med Næringshagen i Ryfylke - Digitalt/Teams

Korleis jobbe strukturert med å utforme og implementere ein konkret strategi i møte meddet digitale skiftet?  Du får blant anna innsyn i sentrale verktøy som SWOT- og PESTEL- analyse og Porters fem konkurransekrefter.

Kurset er meint å hjelpe deg til å utforme ein robust digital strategi for verksemda di, og posisjonere verksemda best mogleg for å lykkast i ei digital tid prega av stadig fleire endringar og mindre forutsigbarheit.

Samling 3 - 14. mai: Cyber Security med NetSecurity og Mediafarm - Sand

Dagen startar med innføring i Cyber-sikkerheit ved Næringshagen iRyfylke.

Me får besøk av eit av Norges leiande konsulentselskap innan digital sikkerheit NetSecurity, som blant anna skal fortelje oss om kva utfordringar me står ovanfor i dag og kva konkrete tiltak me kan gjere for å sikre oss mot nye typar av cyper-kriminalitet.

Samlinga vert avslutta med praktisk øvelse i eit reelt hacking-senarioi samarbeid med Mediafarm (utviklar av digitale læringsprogram).

Samling 4 - 3. september: Kunstig Intelligens (KI) med Digital Norway - Sauda

Digital Norway held kurs for oss om kunstig intelligens (KI) og kva for moglegheiter denne teknologien bringar med seg, slik at me kan arbeide på ein meir effektiv og enklare måte på fleire ulike område.

Det blir ein praktisk gjennomgang av konkrete KI-verktøy denne dagen, kor me testar ut ulike KI-verktøy som Copilot(microsoft), ChatGPT og andre relevante tenester innanfor feltet, og kjem med tips for optimal bruk av desse. Kurset er meint å gi deg innsikt i korleis implementere bruk av KI enkelt i eiga verksemd.

Samling 5 - 8. oktober:  GDPR med Næringshagen i Ryfylke- Hjelmeland

Kurset har fokus på behandling av personvernopplysningar i henhold til gjeldande lovverk, og gir deg blant anna innføring i kvifor GDPR er viktig for deg og di verksemd og kva ein bør ha på plass av system og interndokumentasjon.

I tillegg ser me på korleis ein kan etterleve GDPR, samtidleg som ein mogleggjer bruk av data som er nødvendig for verksemda. Me tek også for oss nye lovmessige oppdateringar innanfor feltet.

Pris:

For målbedrifter: Eigenandel kr 5.000,-

For andre: Kr 15.000,-

Påmelding:

Send epost til post@nhryfylke.no innan fredag 12. april.

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss!

Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358

Teneste

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Ingen andre kurs og arrangement akkurat no.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.