Workshop: Internasjonal marknadsutvikling

Dato:
23
.
10
.
2023
Klokka:
9:30

Er bedrifta di klar til å satsa i nye marknadar internasjonalt?

Innovasjon Norge Rogaland inviterer bedrifter som veks og ekspanderer internasjonalt til ein strategiworkshop der formålet er at bedrifta skal konkretisera den internasjonale forretningsmodellen sin og planen for marknadsintroduksjon.

Vegen til internasjonal vekst handler om å forstå behova og forutsetnadane til nye og moglege kundane, kva konkurrentar du må forholde deg til, og kva reguleringar og trendar som gjeld i marknaden. Det handlar om å forstå handelsreglar, forretningskultur og korleis bedrifta di handterer risiko. Men mest av alt handlar det om å finne ut om det vil løna seg å satse, og kva som skal til for å lukkast.

Fokus for samlingene

Vi vil ha et særskilt fokus på kartleggjing av kundebehov og faktorar som kan påverke verksemda di i nye marknadar og tematisk vil vi gjennomgå;

•            Refleksjon over ambisjonar og motivasjon for vekst.

•            Gå gjennom prinsippa for «Lean marknadsutvikling».

•            Korleis gjennomføra gjennomarbeidde val av marknad og ikkje minst korleis ein går fram for å bli betre kjend med marknaden.

Målsetjing for samlingane

•            Klar og tydeleg aksjonsliste for neste fase av den internasjonale satsinga.

Praktisk

Workshopen i lean marknadsutvikling går over to måndagar: den 23. oktober og 6. november mellom 9:30-14:00 hjå Næringshagen i Ryfylke. Alle bedrifter vert oppfordra til å stilla med minimum to personar som har ei sentral rolle i å bringa bedrifta ut i verda. Workshopen er gratis, men krev eigeninnsats. Ha klar PC og arbeidslyst!

Gjennom samlingane lærer du metodar for å:​

  • kartleggja faktorar som kan påverke forretningsmodellen din i ein ny marknad
  • testa kva marknader som kan vera aktuelle for løysinga di
  • utvikla forretningsmodellen din med tanke på nye markeder ​
  • få fokus på dei kritiske suksessfaktorane dine for å lukkast internasjonalt
  • leggja ein plan for vegen vidare mot marknadsintroduksjon​

Samlingane vert fasilitert av Innovasjon Norge sin internasjonaliseringsrådgjevar i Rogaland, Erle Hauso. Strukturen i workshopen er vekselsvis korte innlegg frå Innovasjon Norge og tid til sjølvstendig arbeid, under veiledning frå Innovasjon Norge og Næringshagen i Ryfylke.

Målgruppe

Målgruppa for workshopen er bedrifter som aktivt jobbar med eller søker internasjonal vekst og marknadsinngang i løpet av dei neste seks til 12 månadane.

Praktisk info om samlingane

Workshopen i lean marknadsutvikling går over to måndagar:

Dato: måndag 23. oktober og måndag 6. november

Tid: 09.30-14.00

Stad: Næringshagen i Ryfylke, Sandsvegen 134, 4230 Sand

Ha klar: PC og arbeidslyst

Påmelding

Send påmeldinga di til post@nhryfylke.no innan den 16. oktober.

Har du spørsmål kan du kontakte forretningsutvilkar Alf Aadnøy på alf@nhryfylke.no.

Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358
Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757

Teneste

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Ingen andre kurs og arrangement akkurat no.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.