Onsdag 30. august kl 18:00 inviterer me til oppstartsmøte for vidareføring av satsinga Matskattar i Suldal hjå Suldalshonning i Våge. Her vil me samlast om felles satsingsområde for samarbeidet vidare. Det blir også eit besøk til Suldalshonning sine produksjonslokale der me vil læra meir om birøkt og prosessen med å framstille honning på garden!
- Oppdatering på prosjektet: Forslag til satsingsområde
- Kartlegging og status: Kva er nytt hjå aktørane, og kva ønskjer me oss av det vidare samarbeidet?
- Workshop og samtalar: Kva felles ambisjonar og aktivitetar ønskjer me å satse på for framtida?
- Omsyning i produksjonslokala til Suldalshonning
Samlinga er open for alle som er interesserte i å ta del i denne vidare satsinga. Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på marit@nhryfylke.no eller 90684861.
Frist for påmelding er måndag 28. august. Du melder deg på ved å sende ein epost til marit@nhryfylke.no.