Arne Møller og SiriLill Mannes i SpeakLab
Arne Møller og SiriLill Mannes i SpeakLab

Proff presentasjon - Bli ein betre formidlar på 1-2-3

Dato:
30
.
01
.
2025
Klokka:
12:30
Stad:

I samarbeid med SpeakLab inviterer me til eit intensivt 3-timars kurs i munnleg formidling og møteleiing.

Når: 30. januar 2025 kl 1230-1530

Kor: Næringshagen i Ryfylke sine lokalar på Sand

Pris: Kr 1600,- (målbedrifter i næringshageprogrammet vårt får 50 % rabatt)

Kva kan du forventa?

SiriLill Mannes og Arne Møller har utvikla eit lynkurs i god formidling. Her får du kunnskap du kan ta i bruk med ein gong. Du lærer å:

  • Engasjere tilhøyrarane
  • Skape autoritet gjennom stemmebruk og kropsspråk
  • Stukturere innhald og bodskap effektivt
  • Halde produktive og målretta møte
  • Meistre nervar og stress i situasjonar du treng det som mest

Undersøkingar har vist at det mange fryktar mest, er å tala offentleg. Dette kurset er utvikla for at du skal bli tryggare og meir bevisst når du presenterer eller er møteleiar. Du blir rett og slett sjef på skjerm og scene!

SpeakLab har god og lang erfaring med dette og har trent:

  • Toppleiarar som skal prestere på store scenar
  • Tilsette som snakkar i møte og forsamlingar
  • Forskarar som konkurrerer om forskingsmidlar (Forskarar dei har trent til konkurransar og finalar har til no henta inn 1,3 mrd kroner!)
  • Programleiarar i radio og TV
  • Innvandrarungdom som treng å styrkje si stemme

Om instruktørane:

SiriLill Mannes: Programleiar med 20 års erfaring frå TV, mest som utanriksreportar og nyheitsanker i TV2. Ho har leia over 200 konferansar på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Arne Møller: Fysioterapeut med spesialutdanning i stemmebruk. Tidlegare fotballproff med Norges høgaste trenarutdanning frå Olympiatoppen.

Saman har dei utvikla eit unikt og systematisk treningsopplegg for korleis du kan bli betre til å presentere og leie møte. Sjå gjerne www.speaklab.no for meir informasjon.

Dette kurset er for deg som ønskjer å ta munnleg formidling til neste nivå.

Meld deg på i dag!

Bindande påmelding her: https://forms.office.com/e/YcSg6C73Rq 

Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

No items found.

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

28
.
11
.
2025
|
8:30
DigiDrøs
31
.
10
.
2025
|
8:30
DigiDrøs
26
.
09
.
2025
|
8:30
DigiDrøs
27
.
06
.
2025
|
8:30
DigiDrøs
23
.
05
.
2025
|
8:30
DigiDrøs
25
.
04
.
2025
|
8:30
DigiDrøs
28
.
03
.
2025
|
8:30
DigiDrøs
28
.
02
.
2025
|
8:30
DigiDrøs
31
.
01
.
2025
|
8:30
DigiDrøs
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.