Sirkulær forretningsmodell i di bedrift

Dato:
20
.
09
.
2023
Klokka:
10:00

Me inviterer di bedrift til ein todagars praktisk orientert workshop der du får arbeide med konkrete metodar for ein meir sirkulær forretningsmodell.

Tid: 20. september kl 10-13 og 21. september kl 13-17.

BAKGRUNN

Europa har gjennom EU sett seg som mål å bli verdas fyrste klimanøytrale kontinent innan 2050. Stikkorda er 100 % sirkularitet, nullutslepp - og at økonomisk vekst er avkopla ressursbruk.

Per 2020 var den norske sirkulærandelen på 2,4%. Implisitt vil dagens drifts- og forretningsmodellar ikkje vere levedyktige imøte med sirkulærøkonomimåla.

PRAKTISK RETTA WORKSHOP

Dette er ein todagars workshop som tar utgangspunkt i bedrifta/organisasjonens bruk av ressursar, der du får arbeide med eigen verdikjede med mål om konkrete tiltak for å tilpasse bedrifta til sirkulærøkonomien.

Ei slik tilpassing handlar om både risikohandtering og ei posisjonering mot framtidas økonomi. Workshopen er praktisk orientert med ein stordose arbeid med eigen og kvarandre sine bedrifter.

WORKSHOPEN

Leia av duoen Erik Aldner og Kristian Notland Harnes frå selskapa Minus Solutions og Nuen.

Kristian og Erik har siste åra arbeidd med sirkulærøkonomi i utviklinga av blant anna «Minus-stolen», eit møbelprosjekt med svært offensive grep innan sirkulærøkonomien, - og som har hausta stor anerkjenning i ulike miljø, ikkje minst internasjonalt.

Dei vil dele erfaringar frå eige prosjekt,frå kjende studiar, - og gjere deltakarane i stand til å arbeide med sirkulærøkonomi i eiga bedrift gjennom praktiske oppgåver!

DETTE FÅR DU/DE ARBEIDE MED:

Din drifts- og forretningsmodell i møtemed sirkulærmåla til EU.

Di verdikjede og moglegheiter for justeringar.

Enkle og praktiske berekningar av karbonrekneskpen i dine materialstraumar i dag og i framtida.

Korleis implementere endringar i eigen organisasjon?

Me ønskjer at de stiller to deltakarar på begge samlingane.

Pris

Målbedrifter: kr 2.500,- per bedrift

Andre bedrifter: kr 5.000,- per bedrift

Dette inkluderer deltaking  inkl lunsj begge dagar, research på bedrifter som deltek og 1 time oppfølging i etterkant av workshop.

Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

No items found.

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Ingen andre kurs og arrangement akkurat no.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.