Foto: Næringshagen i Ryfylke
Foto: Næringshagen i Ryfylke

Suldalskonferansen

Dato:
07
.
11
.
2024
Klokka:
9:30

Korleis utnyttar me som samfunn og næringsliv dei moglegheitene som større industri- og kraftsatsingar byr på? Bli med på årets næringskonferanse for regionen! 

Ryfylke står i møte med fleire store industrisatsingar og -utbyggingar i åra som kjem, der regionen går frå å vera landets oljehovudstad til landets energihovudstad. Dette kan gi vår region ei stor tilvekst av mellom anna kapital og arbeidskraft, som får ringverknadar for samfunnet som ein heilskap. Samstundes byr det på problemstillingar knytt til vern av naturområde og lokalsamfunn.

Under årets Suldalskonferanse den 7. november på Ryfylke fjordhotell ønskjer me å ta tempen på dei store industriprosjekta som er planlagt i vår region, for så å invitere til faglege innlegg, diskusjon og inspirasjon rundt korleis me utnyttar moglegheitene indusarisatsingane gir på best mogleg måte, samstundes som ein avgrensar dei negative. Kva erfaringar kan regionen hente og læra frå vår store industrihistorie i møte med nye satsingar? Korleis kan nye løysingar og kunnskap sikre at framtidige satsingar blir utvikla til det betre for menneske, miljø og natur? Kva grep må me ta i dag som sikrar at storsatsingene dei neste ti åra bidreg til langsiktig vekst og bulyst?

Velkommen til Suldalskonferansen!

Praktisk info

Konferansedagen går frå 9:30-17:30 torsdag 7. november på Ryfylke fjordhotell på Sand, like ved hurtigbåtkaien.

Kombiner gjerne konferansedagen med festkvelden den 6. november der du får ei matreise gjennom regionen kombinert med prisutdeling og gode møtepunkt.

Program og billettar

Program og billettar får du via arrangementssida her. Meld deg på vårt nyheitsbrev for å få med deg siste nytt.

Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Teneste

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.