Foto: World Economic Forum
Foto: World Economic Forum

Framtidas forretningsmodellar

Dato:
25
.
09
.
2024
Klokka:
9:00
Stad:

Me lanserer eit heilt nytt kompetanseprogram der me inviterer målbedrifter og andre til å læra meir om den sirkulære framtida! I ei tid der krav til ansvarleg og effektiv ressursbruk stadig aukar, må bedrifter tilpassa seg for å overleve og vekse. Me må faktisk snakka om i morgon!

Dette programmet er utvikla for å gi deg innsikt i innovative forretningsstrategiar og praktiske verktøy som vil hjelpa di bedrift å møte framtidas utfordringar. Gjennom ein kombinasjon av webinar og fysiske workshops vil me utforska nye måtar å tenkje, skape og handle på.

Europa har gjennom EU sett seg som mål om å bli eitklimanøytralt kontinent innan 2050. Per 2020 var den norske sirkulærandelen på 2,4%, til samanlikning låg Nederland på 24%. Noko som betyr at dagens drifts- og forretningsmodellar i Noreg ikkje er levedyktige i møte med sirkulærøkonomimåla.

Sirkulærøkonomi skal fremja berekraft ved å redusere avfall og ressursbruk. I stadenfor å følgje ein lineær modell der produkt vert produserte, brukte og kasta, fokuserer sirkulær økonomi på å halde produkt, komponentar og material i bruk så lenge som mogleg. Dette minimerer miljøpåverknaden, reduserer kostnadar og skapar økonomiske moglegheiter gjennom innovasjon og nye forretningsmodellar. Ved gjenbruk, reparasjon og resirkulering, bidreg sirkulær økonomi til å nå klimamål og sikre ei meir berekraftig framtid.

Programmet:

Webinar 1 - Sirkulærøkonomi - Onsdag 25. september kl. 09.00 (45 min varigheit)

Kva er det EIGENTLEG? Er det idealisme at norske bedrifter investerer 10-talls millionar i sirkulærøkonomi? Det skandinaviske investeringsfondet Summa Equity seier i sin ferske rapport at marknaden for sirkulærøkonomi i EU kjem til å vere verdt 1,5 billionar Euro i 2040. Kva moglegheiter ligg det her for di bedrift? Og kvifor kan det vere heilt nødvendig å tilpasse seg for å sikre at ein framleis er lønnsam og verdiskapande? I webinaret presenterer me konkrete case frå norske bedrifter, ser på miljøeffekten av sirkulære prosessar og er innom reguleringar du må forhalda deg til.

Webinar 2 - Miljømerkingar - Onsdag 2. oktober kl. 09.00 (45 min varigheit)

Nokre miljømerkingar gir deg ingen verdi i offentlege anbod, andre gir fullpott! Nokre skapar tillit, andre hjelper deg å forbetre prosessar. Kva miljømerkingar finst, og kor vanskeleg er det å få tak i dei? Kva er ein EPD, og kva effekt har ei Svane? Jungelen av merkeordningar blir stadig større. Me hjelper deg å sortere og velgje rett utifrå din posisjon.                

Webinar 3 – EU og reguleringar - Onsdag 9. oktober kl. 09.00 (45 min varigheit)

EU-taksonomien, økodesignforordninga, Right to repair-direktivet og så vidare. I fleire år har me gått på webinar om EU-taksonomi, og blitt spådd store endringar. Men mange bedrifter merkar framleis lite til det. Kan du la det ligge? Nei, første del av taksonomien blei innført i år. Det kjem stadig sterkare krav til ansvarleg produksjon og omsyn til miljøet. Kva betyr dette for deg? Når kjem det relevante krav til di bedrift? Vi går gjennom tidslinja med dei viktigaste reguleringane for norske bedrifter.

Webinar4 - Lokal produksjon – Onsdag 16.oktober kl. 09.00 (45 min varigheit)

Tida fram mot 2050 gir mange fordelar med tanke på lokal norsk produksjon. Norsk energimiks, ansvarlege arbeidsforhold og ansvarleg handtering av naturressursar gir direkte konkurransefordelar i møte med miljø- og ansvarlegheitskrav. Kombinert med statlege ambisjonar om å auke eksporten frå norsk fastlandsindustri med 50% innan 2030 ligg moglegheitene på eit sølvfat. Kjenner ein si eiga verdikjede og forstår reguleringane, då er tida inne for å utnytte desse fordelane.

PRAKTISK WORKSHOP - Onsdag 23. oktober

Workshopen tek utgangspunkt i ressursbruken til di bedrift. Du får arbeide med eiga verdikjede, kor målet er konkrete sirkulærøkonomiske tiltak tilpassa di bedrift.  

Workshopen er leia av Erik Aldner og Kristian Notland Harnes frå selskapa Minus Solutions og Nuen. Dei har i fleire år arbeidd med sirkulærøkonomi i utviklinga av blant anna «Minus-stolen» -  eit møbelprosjekt med svært offensive grep innan sirkulærøkonomien, og som har hausta stor anerkjenning nasjonalt og internasjonalt. Dei vil dela erfaringar frå eigne prosjekt, kjende studiar og gjera deltakarane i stand til å arbeide med sirkulærøkonomi i eiga bedrift gjennom praktiske oppgåver!

Som deltakar får du arbeide med:

·      Eigen drifts- og forretningsmodell i møte med sirkulærmåla til EU

·      Eiga verdikjede og moglegheiter for justering

·      Enkle og praktiske bekrekningar av karbonrekneskapen i materialstraumar

·      Korleis implementere endringar i eiga bedrift?

Pris:

kr 2500.-

Påmelding:

Send e-post til post@nhryfylke.no innan 20. september.

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss!

 

 

Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

No items found.

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Ingen andre kurs og arrangement akkurat no.

Tidlegare kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.