I samarbeid med Næringshagene i Norge inviterer me til digitalt Kompetanseforum!
Dette er det første av tre planlagde webinar i 2025 med tema Kommunikasjon.
Knut Ivar Karevold er organisasjonspykolog med doktograd i atferdsøkonomi og har brei erfaring innan leiar- og organisasjonsutvikling i små og store verksemder. Han brenn for effektiv prosjektgjennomføring og god teamutvikling, og har hjulpe mange personar og team med å navigere i komplekse endringsprosessar.
I dette webinaret vil Karevold forklare korleis ein kan kommunisere godt og effektivt for å motivere andre i teamet, skape lagånd og styrke verksemda si gjennomføringsevne. Deltakarane får praktiske verktøy for korleis formidle, involvere og rettleie.
I webinaret vil du lære korleis du kan kommunisere for å bli høyrd, og korleis kommunisere for å motivere andre tilsette til å inolvere seg i dei utfordringane verksemda har.
Dette er eit nyttig webinar å få med seg for alle som jobbar i team, og som ønskjer å utvikle eigen relasjon til andre i teamet.
Meld deg på og få tilsendt link til webinaret!